Det er alltid ein streik i Frankrike. Denne setninga har me høyrt tusen gonger i løpet av hausten, og lærar Armelle har spurt oss om à votre avis (etter Dykkar meining), om dette stemmer. Me har svar litt ja, jo, tja, vel, kan hende, veit 'kje eg osb. alt etter som, for korleis kunne me vite det? No veit me. Det har kome oss nærare inn på livet, og i dag var det tilløp til panikk på skulen, i vår lille gruppe.
Me har jo høyrt masse om la crize financière, som nok har slått atskillig hardare ut i Frankrike enn heime, og folk merkar forverringane på område der dei har det tøffare enn heime.
For nokre veker sidan var det småskulelærarane. Då snakkar eg småskule, ned til 2-3 år. Eg nemnte dei såvidt tdlegare, men fekk ikkje med så mykje om grunnlaget for streiken: No skal dei ha opp til 25 ungar i gruppa, ein lærar , ingen assistent! Aktivitetane er ganske fokusert på læring; lese, skrive, rekne. Vel har lærarar i barneskulen pensjonsalder på 55 år, men...
Sist veke var det lycée, vidaregåande skule. Lærarar, foreldre og elevar stod saman mot undervisningsministeren, som utan å samrå seg med nokon har bestemt at no skal klassene vera på opp til 35 elevar. Slik løyser ein problemet med at mange "gamle" lærarar no er klare for pensjonsalder (som er 60 år for folk flest, evt. når dei har tent opp nok). I tillegg ein del andre reformar som folk tydeligvis ikkje er særleg begeistra for.
Men no, denne veka (og no kjem alvoret), har bussen og trikkane stått. Ikkje det at det gjer meg noko, eg brukar å gå att og fram til universitetet likevel, men... Ryktet begyntet å gå: Det er streik på toga òg. -Jammen, dei kan jo ikkje det no, har det kome frå fleire av oss, - me skal jo heim! Oisann, dette begynte å bli alvorleg. -Fylg med på sidene til SNCF (fransk "NSB"). Alle er avhengige av tog til Paris for å koma heim. Der var det ikkje lett å finne informasjon. Kirsten og eg tok saka i eigne hender, og gjekk innom billettkontoret, i dag, stilte oss i kø, slik me også gjorde då me kjøpte billettar for ei veke sidan, og spurde: Er toget vårt råka av streiken? Dama såg rart på oss: -Streik, kva for ein streik? Ohlala, der hadde me visst "dumma oss ut", men gleda over at det ikkje var nokon streik likevel, var større enn flausa over tabba. Så no kjem med oss nesten sikkert heim til jol!
Apropos jol. Dette vesle ordet heldt på å løyse ut ei dramatisk krise mellom studentane på årskurset. Me har jo ikkje snakka om anna enn å lengte heim, når, kor og korleis me skal reise heim, kva me skal gjera osb. i denne høgtida som i mitt område av landet blir kalla for JOL. I ein time med lærar Armelle spurde ho for x antal gong om det var forskjell på dialektane i Noreg. JA, kom det unisont frå oss, som då kjem frå Tromsø, Trondheim, Bergen, Voss, Kristiansand/Vinje, Oppdal/Sundalsøra, Ålesund, Oslo, Nittedal og Bærum. No tenkte me at Armelle skulle få døme på desse forskjellane, og Kirsten gjekk opp på tavla og skreiv: Jeg gleder meg til jul. Eg fór opp og skreiv over: Eg gler meg til jol. Då fekk Eivind opp farta, heiv seg på tavla og viska ut o'en i jol, og bytta den ut me u. Eg tilbake i ei viss fart, strauk ut u'en og sa: -det heiter JOL, og fekk full støtte av Mildrid frå Voss. Men Eivind gav seg ikkje så lett (ikkje eg heller, om eg skal seie som det var). Ungdomane sat og skalv av frykt for kva som kunne skje. Eivind hevda at det var fleire som sa jul, og det kan så vera, men heile Vest-Telemark seier i alle fall jol, og når det gjeld målsak så er det vel ikkje slik at det er fleirtalet som bestemmer? Då hadde me ikkje hatt nynorsk i det heile, og vel snaut nok norsk! Det var like før me måtte ta kontakt med Sylfest og Språkteigen, men så blei me no samde om å sjekke kvar for oss til neste dag. Då hadde eg nok av prov på Jol i Telemark, Jol i Vinje, Joleball, Jolebord osb. Men Eivind meinte han ikkje hadde funne nok me Jol i det heile tatt, så då var me like langt.
Okkesom; no ser det ut til at alle snart kan reise heim og feire jol/jul på kvar sine vis. Men fyrst er det fransk jolebord (3 retters middag) i lag med lærararne no i kveld. Eg får vel setje i gang å "shine" meg opp litt til det no.