skritt står det på skritt-teljaren min i dag, men det var berre med høgrebeinet. I tillegg gløymte eg å ta han på meg då eg skulle ut og treffe eit par av dei damene eg skal gå i lag med, i ettermiddag. Då gløymte bussjåføren å seie frå på rett busstopp, så eg trur ikkje eg overdriv om eg seier ca. 30000 skritt - på kvart bein! Har nok vandra rundt omkring i 4 - 5 timar totalt i dag.
Gjekk ut i føremiddag i 20 grader, lett overskya og god bris; flott vandrevær. Det var jo bra, for eg hadde bange anelser etter at eg blei vekt kl. 7 i dag tidleg av eit brakande torever og regn. Prosjektet mitt gjekk ut på å finne det bygget eg skal halde til på frå og med i morgo, men det var lettare sagt enn gjort. Men ein gamal o-løpar gir seg ikkje så lett. Hadde berre eit dårleg kart og husa var dårleg merka, men eg var nok like ved, så eg trur det skal gå greitt i morgo. Gjekk fyrst ned til ei stor borg midt i byen og tok deretter peiling på universitet. På heimvegen sikta eg meg inn på det som eg trur blir beste vegval til/frå heim -skule. Då vil det ta ein snau halvtime å gå, men eg vil prøve å få meg ein sykkel etter kvart.
Var så vidt innom det gedigne Memorial-museet 4 min frå der eg bur på heimvegen, for å få eit lite inntrykk av det. Det er jo primært eit fellesmuseum dei allierte har bygd kring historia rundt landgangen i Normandie i -44, men no er det også ei stor utstilling: "Ou etiez-vous le 11 septembre 2001 a 14H46?" (de får årsake at eg ikkje har fått lagt inn alle aksenter o.l. enno).
Altså; ein fransk vri på spørsmålet om kor var du då Brå brakk staven, som vel den intelligente lesar alt har forstått.
I dag nøyde eg meg med å ta ei eplekake + espresso på kafeen der (fortent etter marsjen) og kjøpte ei bok om vikingane i Normandie (på fransk). Det var siste eksemplaret, så den berre måtte eg ha. Og så kjøpte eg eit kart.
I mellomtida hadde eg fått melding frå Randi og Kirsten, som ville at me skulle treffast i kveld. Kjempetrivelege damer på ca. 60 og 50 år. Wenche, som akkurat har runda 50, psyka ut i kveld og heldt seg på hotellrommet, men eg reknar med at ho kjem sterkare tilbake seinare. Me fann tonen særs godt, så skuldrane sank nokre hakk etter det møtet. Virka ikkje som dei var superspreke i fransk dei heller.
Så då er eg klar for fyrste skuledagen! Lurar på om eg skal ta på meg det rosa foldeskjørtet, eller...
søndag 31. august 2008
lørdag 30. august 2008
Kommentarar?
Det er triveleg dersom folk vil leggje inn helsingar og kommentarar på sida mi. No har eg endra på innstillingar. Var visst ei sperre slik at berre dei med Gmail kunne skrive. Det var ikkje meininga, pardon.
De veit, det betyr mykje med ei helsing heimanfrå når ein er langt borte:) Har ikkje funne sjømannskyrkja enno. I morgo kjem forresten to av dei "damene" eg skal gå i lag med, som er om lag jamngamle med meg. Det skal bli triveleg.

Var i Paris i dag
ca. 1 time. Var ganske nær Eiffeltårnet og køyrde forbi George Pompideou-senteret, ja ikkje eg då, men drosjesjåføren som frakta meg og mine 50 kg overvekt frå Gare Montparnasse, over Seinen og til Gare St. Lazare. Ikkje noko tid til ein kaffekopp på ein fortausresteurant i det nydelege sommarveret i dag, nei.
Togturen var ei oppleving for seg. Utruleg mykje folk. Ca. halvparten hadde plassbillettar (eg var ikkje blant dei), og då var det reine lottospelet om ein hadde sett seg på ein plass som var reservert, for det kunne ein jo ikkje sjå. Oh la, la, eg trakk eit lettelsens sukk då toget tok til å gå, for då hadde eg berre måttet flytte meg ein gong, i motsetning til ein del andre. Toget var jo stappfullt. He, he, ein snill eldre herre insisterte på å hjelpe meg med å leggje ryggsekken min på øvste hylle i eit baggasjeskap, men han søkk i hop då han skulle lyfte sekken på ca. 25 kg. opp dit. Det samme gjorde begge drosjesjåførane eg hadde i dag -trur eg snart får invitasjon til TVprogram om Frankrikes sterkaste dame. Då visste ikkje dei at eg hadde gått i over ein halvtimen med all denne bagasjen i 30 grader solsteik for å koma til fyrste togstasjon.
Derfor er det godt å vera framme på "studioet" mitt i Caen no i kveld! Ser ut omtrent som venta. Skal aldri ut att med den opp-pakninga att! Etter ein lengre leiteaksjon i nabolaget, fann eg til slutt ein matbutikk og fikk fylt opp litt. Etterpå måtte eg bort og kikke litt på det flotte Memorial museet (invasjonen i Normandie), med bl.a. norsk flagg utanfor, som eg nesten ser frå hybelen. Like ved er det eit utruleg flott "rosarie" med all slags blomar. Tydelegvis ein populær stad for brudepar å bli fotografert, 2 par der berre på den vesle tida eg var der!
No har eg akkurat hatt eit bad og duftar heldigvis litt betre enn før. Kosar meg med eit lite glass vin og ser på Fort Boyard, same konsept som då serien gjekk i Noreg for ca. ti år sidan(?). Same dvergen, tigrane, kakkerlakkane, markane og diverse utfordringar som den gongen. Er meir usikker på om den vise mannen i tårnet er den same.
fredag 29. august 2008
Siste dag i Rambouillet
gjekk i grunnen greitt. Starta dagen med paneldebatt om reality-TV, etterpå lytteprøve - ikkje fullt så greitt. Neste leksjon var i hovedsak fonetikk.
Og eg som trudde eg hadde nærmast perfekt uttale. Den gong ei. Ikkje ein gong R'en min var god nok. Ja, ja, det var no berre litt småplukk. Interessant.
Siste økt drog me til Bretagne, via ein video og greie kommentarar frå ein lærar.
Men no må eg pakke litt, før eg skal på fest i "sous-sol", dvs. kjeddaren på Vinjemål.
Prøver å dra tidleg til Caen i morgo.

torsdag 28. august 2008
Fyttirakkern
I dag hadde eg ei "nær-døden-oppleving" i dei to fyrste øktene, dvs. eg heldt på å drukne fullstendig. Ei lita unnskyldning er at eg ikkje har sove så alt for godt her nede, men...
Etter lunsj gjekk det betre, for då var det meir om 1968. Trur faktisk min del gjekk ganske bra, engasjementet var stort og spørsmåla mange både frå lærar og medelevar. Starta med å vise eit bilete av meg frå 1968, som eg tilfeldigvis hadde inne på maskina mi; minikjole i crimpelinstoff! Etterpå brukte eg eit bilete frå ein 1.mai demonstrasjon i Oslo det året som utgangspunkt for resten. Paroler som: Norge ut av NATO (l'OTAN), Støtte til Black Power i USA, USA (les Etats Units) ut av Vietnam, Fri Abort. Så utdjupa eg litt om desse temaene ut frå Noreg sin situasjon. Visste de at det berre var ca. 200 innvandrarar frå Afrika og 400 frå Asia i Noreg på denne tida?
Eg snakka om "kald krig" og Noregs utsette posisjon (trudde ein i alle fall) mellom supermaktane. Og så til slutt litt om kvinnekampen som slo ut i full blomst (bl.a. takka vere min ikkje ubetydelege innsats, om eg så skal seie det sjølv), fram til lova om sjølvbestemt abort kom på slutten av sytti-talet.
Som eit apropos til omgangsformer i Frankrike (og mine medelevers heimland Tyskland og Spania) når det gjeld høflighet, kjønnspesifikke yrkestitlar mm, avrunda eg det heile med å dra ein parallell til at det var i kjølvatnet av 1968 at tiltaleformer som Herr/Fru/frøken og De nærmast forsvann i Noreg. Det same med lærarinner og sjukepleiersker med fleire. Forferdelsen (god nynorsk) ville inga ende ta då eg fortalde at frå midten av -90-åra blei alle på fornamn med kvarandre i Noreg! At elevane er på fornamn med meg, og eg med sjefen og gjerne statsministeren med (jfr. media) var verkeleg sjokkerande.
Men eg trur dei lika det og, så læraren avrunda med å seie at i Frankrike vert skandinavar sett på som litt "avant-garde" med den litt meir avslappa haldningen me har til ein del. Men dei undra seg fælt på korleis respekten kunne oppretthaldast i eit slikt samfunn. Den ballen tok eg ikkje meir opp i denne samanheng. "Hvor er det forresten blitt av alle anorakkene?"
Ein dag att på kurset.

onsdag 27. august 2008
I dag kom sola!
Etter å ha hatt gråver til no, dukka sola fram under dejeuner i dag. 24 grader no i ettermiddag kjennest godt etter ein beinhard skuledag som varer frå 8.30 - 16.00. Eit kvarters pause frå 10.30 og ein times lunsj frå 12.45.
Tre ulike , men dyktige lærarar snakkar som mitraljøser og bombarderer oss med alt som finst av synonymar rundt alle dei tema som er oppe. Men, trass dette bombardement av franske talemåtar, (trur eg) det går betre for kvar dag. I dag var det faktisk noko eg forstod som ikkje dei andre forstod!
Siste leksjonen, som brukar vera diskusjonstime, var i dag nærmast som ei forelesning om Paris 1968 og diverse rundt det. Det var absolutt interessant og er nok eit heitt tema her i år pga 40 årsjub. Læraren hadde med seg fleire bøker om temaet og diverse lesestoff til oss. Eg kunne jo nikke attkjennande til det ho fortalde og hadde nokre små kommentarar undervegs. Etterpå kom straffa; i morgo skal eg fortelje om 1968 i Noreg og tida som fylgde! På fransk! Oops!
Etterpå måtte eg lufte meg i den fine slottsparken her (jogga litt + styrkeøv. i parken ved skulen). Middag om ein augneblink. Skal tru om direktøren for skulen dukkar opp ved mitt bord då og, slik han har gjort ved lunsjen dei to siste dagane.... Kjekk kar, liknar litt på Jean Claude Killy... No ja, eg var ikkje åleine ved det bordet.
Etterpå blir det å gå 40 år tilbake i tid!
Bon soir!

tirsdag 26. august 2008
Små gleder
er viktige! Som til dømes at eg no har greidd å få kobla lap topen min (dvs. Åmot skule sin) til nettet her, og dermed kan skrive i vei nesten utan å tenkje!
Ei anna glede var at eg faktisk syntest det gjekk lettare å fylgje med her i dag! Kan ha ein viss samanheng med at eg hadde lese gjennom dagens leksjon i går kveld og var meir klar over arbeidsmåtene eg skulle møte i dag.
Så var eg innom eit apotek på min 2 timer lange vandretur i ettermiddag, og ekspeditrisa forstod kva eg ville ha og me hadde ei lita samtale!
Me no må eg gjera lekser og førebu meg til i morgo! Ikkje noko latmannsliv, dette her.

mandag 25. august 2008
Hoett er det eg har gitt meg ut paa?
Ja, no er eg altsaa her, og har ikkje returbillett. Kom fram til Rambouillet (www.rambouillet.com) i gaar i graaver. Som i oktober, sa den kjekke franskmannen,som henta meg og mine 50 kg (baggasje, altsaa) paa stasjonen; Som ein vanleg sommardag i Rauland, sa eg; Han hadde faktisk vore i Telemark.
I dag starta me dagen med ein test,og eg blei plassert i ei gruppa med folk som snakka langt over hovudet paa meg. Etter kvart fekk eg tak i kva det dreidde seg om; klubbkveldar og turar for einslege... Hmm,jammen dette var jo nyttig informasjon; saa eg parla i veg etter kvart eg og.
Eg berre seier fraa: dersom det kjem rare skrivefeil og teikn, er det fordi bokstavane er heilt feilplasserte paa tastaturet her nede. Kjem ikkje inn paa mi maskin her.
Ja,det eg har vore med paa i dag er truleg det som blei kalt "spraakbading", daa eg tok norsk som andrespraak, dvs at ein er i landet der spraaket brukast. Kan samanliknast med gamaldags symjeopplaering, der ein blei kasta uti vatnet. Det eg har opplevd i dag, er vel naerare spraakdrukning enn bading.
Andredel av dagen var berre munnlege aktivitetar, skulle diskutere tema kring familien; heimeverande kvinner, bruk av internett, lommepengar m.m. og plutseleg var klokka fire!
Ein ting er sikkert: Det kan berre bli betre! Men fyttirakkern for eit prosjekt eg har gitt meg ut paa!
Eg faar ikkje lagt ut bilete enno, men eg er i ein fin liten by naer Versailles. De kan proeve linken over.

Abonner på:
Innlegg (Atom)