

trur eg då, men aldri godt å vita.
Sidan sist har me gått i 1. mai-tog. Stort, flott tog med masse vaiande faner og musikk frå diverse bilar som fylgde toget. Blei sagt at det var rundt 5000 deltakarar, og det er vel ikkje verst for ein by på storleik med Bergen og Trondheim? God stemning og me gjekk og ropte eit eller anna om "
contre Sarkozy"
Ikkje det at me har merka noko til at det har hjelpt enno, for livet går no sin skeive gang på Universitet, i alle fall. Ikkje for oss heldigvis, men det er visst mange andre fag som ikkje får gå opp til eksamen pga for stort fråver. Der har det vore opp til fleire demonstrasjonar med bruk av tåregass, men det har ikkje eg fått med meg. Men nokre medstudentar kom midt oppi det, og opplevde det litt dramatisk.
Nei, her hos oss i Avenue Maréchal Montgomery ruslar livet traust vidare. Heldigvis har me våre franske vener som dreg oss ut litt av og til.
2. mai var me med Elisabeth til heimbyen Le Havre, og var invitert på dessert hos foreldra hennar (med champagne attåt). I alle reisehandbøker står det at Le Havre er ein stygg og trist by, så den må ein berre koma seg fortast mogleg gjennom, eller kan hende helst utanom. Det var korkje Kirsten eller eg einige i. Byen var jo totalt rasert etter krigen og blei bygd opp på ein rask og effektiv måte (som mange kallar austblokk-stil, men då har ikkje dei vore i Aust-Europa før 1989...). No er byen på verdsarvlista pga. denne særprega arkitekturen.
Elles er det jo atskilleg meir moro å vera slike steder når ein er med folk som kan mykje og er stolte av heimstaden sin! Me tok også turen til Étretat, for å sjå dei kjende snabelforma klippene der, men den gang ei. Skodda låg så tjukk som me aldri har sett ho heile året her. Typisk! Flott dag likevel, der me fekk snakka fransk så det stod etter.
Måndagen etter drog resten av klassa på heildagstur til Rouen og Giverny, men eg meldte pass; hadde ei historieoppgåve eg heller prioriterte.
Denne veka var me på middag hos Monique på måndag, ei av venninnene til Marie- Cécile, som kjem til Noreg til sommaren. Veldig triveleg, mykje god mat og drikke, men akk, så seint for ein som skulle ha Marie-Laure i grammatikk dagen derpå. Der er det drilling de-luxe for tida, og eg kjenner meg som ein idiot. Nei, det er nok også ein stil eg ikkje kjem til å adoptere i mi lærargjerning. Ho er nok flink som berre det, men blir eg "flink" av det? Det får gå som det går.
I dag hadde eg munnleg framføring om Algerie, litt kolonihistorie osv. Utruleg kva somme nasjonar har tillat seg å gjere ( og fortsatt gjer) mot andre folk! Så gjorde eg ferdig mi skriftlege avhandling om Baudelaire og analyse av diktet "Chant d'automne"... Det blir vel neppe innstilling korkje til kongen eller presidenten, men skitt på.
Og så held eg på med ei oppgåve, som skal liggje til grunn for munnleg eksamen: Der skal eg intervjue folk (og lese meg opp på)korleis flyktningar blir fylgd opp her i landet, språkopplæring m.m.. Det er jo litt for å samanlikne med det eg jobbar med heime.
Men no er det som sagt eit lite pusterom. Klassa skal til Loire-dalen eit par dagar, eller Lårdal som eg kallar det. Det er jo ikkje så langt heimefrå. Og så er det 17. mai, eller kanskje det blir Grand Prix-seier fyrst på den 16.? Eit er i alle fall sikkert, og det er at Gubben sjølv (min kjære Svein) fyller 60 på 16. mai! Ei aldri så lita feiring, både her og både der?!
Øvst ser de huset til Elisabeth, eit gamalt fiskarhus like ved Debarquement-strendene, samt døme på husa i Le Havre.