onsdag 22. oktober 2008

Examen de phonologie 2008



er over- og bestått! Hurra!
Så har eg altså tatt ein universitetseksamen dette tiåret òg, slik som i syttiåra, åttiåra, nittiåra og no også i "nullåra". Ikkje verst, om eg så skal seie det sjølv! Må nesten finne på noko å ta når me rundar 2010 ???
Eksamen i går blei eit sant kappløp med tida. 3 timar på å gjera litt av alt me har lært i haust, og det er ikkje lite. Det var jo berre bestått/ikkje bestått, men det var jo likevel litt moro å bli kalt inn på kontoret til Francine og få høyre at det var ein flott besvarelse... Kan hende det er håp for resten av året òg? Skal ha ein større grammatikkoppgåve like etter ferien, som startar i morgo! Då skal eg heim og gjera litt av kvart, men grammatikkbøkene blir nok med i kofferten, saman med litt godsaker frå Normandie.

Pays d'Auge

Litt fakta


Her kan du bl.a. sjå kor mykje ost franskmenn et! Ja, og så får dei litt hjelp av nokre nordmenn her, då.

Osten stod godt til jakka mi!

Legg merke til at eska er stempla medAOC; garanti for at det er ekte vare.









Her bli kvar ost surra inn i eit band av lokalt siv, for å halde på fasongen før siste fase av produksjonen.

Kirsten sjekker råvarene


Frå råvare til ferdig produkt


Normandie = Gourmandie

For ei veke sida var me på nok ein ekskursjon. Denne gongen gjekk turen til Pays d'Auge, eit yndig lite dalføre om lag 1 time herifrå. Meir kupert, dvs. fine beiteområde for den lokale kurasen: La race normande. Her kunne me òg sjå restar av dei gamle bocagères, som er den gamle formen for inndeling av jorder. Dette er nesten borte no, etter at landbruket gjekk gjennom store endringar på 50 og 60-talet, men til dels gjenskapt via les neo bocages.
Men me skulle ikkje berre sjå på desse flotte kyrne, me skulle også få smake på opptil fleire av dei produkta normannerane (heiter det det?) er så stolte av: ost, cider og calvados, pluss litt anna. Innimellom beiteområda veks det nemleg utallige epletre, somme med greiner som går langt ned på stammen og somme med greiner høgt oppe (kjem ikkje på kva dei heiter no).
Me fekk lange foredrag om det eine og det andre rundt dette på bussen bortover, i tillegg til at det stadig er tema i undervisninga vår, samt at me hadde diverse omvisningar i løpet av denne dagen. Fyrste stopp var på La fromagerie Grain d'orge i Livarot der dei produserer ost med samme namn. Det er gjerne slik at byen gir namn til osten. Me vandra rundt og såg korleis produksjonen gjekk føre seg (gjennom glasvindu eller på film), og det kan ein i alle fall stadfeste: Osten er bokstaveleg talt i dei beste hender. Sjølv om det var mykje maskiner og store kar, så blei kvar ost fleire gonger handsama (for hand) av dyktige fagfolk. Mjølka frå denne kurasen er spesielt proteinrik, men det er ikkje så mange liter dei gir frå seg per dag. Då blir det jo verdifull vare!
Etterpå fekk me smaksprøver:):) Det er no berre ein ting å seie om det: anten likar du det eller så gjer du det ikkje. Eg likar alt. Mykje smak. Etterpå fekk me høve til å kjøpe med oss ostar, og dei skal eg ha med meg heim i morgo! Det har vore ein lifleg duft på hybelen min denne veka. Det er ulike variantar av desse ostane, men det er jo særleg dei som er laga av lait cru (upasterieurisert mjølk) som er gode, men då er jo prosessen fortsatt i gang. Også her prøver myndighetane å få gjennomført EU-direktiv som ikkje godtek slik mjølk, men dette blir kjempa hardt i mot her! (Eg minnest med lengsel knaosten og smøret frå Møsstrond, som blei forbode for ca 10 år sidan heime, men det er jo den gamle historia om at nordmenn er meir katolske enn paven, når det gjeld å fylgje opp EU-direktiv...)
Etterpå køyrde me gjennom idylliske små landsbyar, der gatene er så trange at det er så vidt bussen kjem fram, og dei tradisjonelle bindingsverkhusa (maison à colombage) står tett i tett. Sjølv om det no var midt i oktober, var det fargerike blomar over alt. Dersom de er på desse trakter, så ta for all del av frå motorvegane og opplev slikt som dette!
Etter ein betre 3-rettars lunsj gjekk turen vidare. No var det epleprodukta som skulle smakast på. Epleterte hadde me alt hatt til dessert; no var turen kome til drikkevarene - oh la,la.
Fyrste stopp var hos ein eplebonde som dreiv smått (noja, alt er jo relativt - trur nok dei eplebøndene me kjenner i Hardanger ville synest dette var stort nok!), men stoltheten og engasjementet var det ikkje noko å seie på. Det er høgsesong for epleplukking no. Vel, plukking og plukking. Det som likevel skal bli til alkohol bli ganske røft plukka/rista ned frå trea og samla opp via store spesialmasskiner på traktorane, som køyrer mellom trea og soper med eg det som måtte vera der.
Innomhus var det store tankar for dei ulike produkta; alt frå vanleg eplejuice til cidre av ulik styrke og søtningsgrad (heng jo saman), til dei to verkelege spesialprodukta, som berre dei her i området kan lage - i alle fall med dei namna: pommeau, un apéritif produit en Normandie. Det som eg har trudd var ein heitvin av eple heilt til denne dag, men så feil kan ein ta: Den er ein blanding av 3 delar cider og 1 del av calvados, eller calva, som dei seier her, brennevin som blir lagra på eiketønner i minst 3 år og gjerne lenger, og blir som anna brunt brennevin dyrare for kvart år som går. Også her var det smaksprøver og sal av lokale produkt etterpå. Ja, då sat jo euro'en laust (det var før han tok til å stige så sinnsykt - er oppe i over 9 kroner no, æsj). I tillegg til desse ulike drikkevarane, laga dei òg gele med ulike smakar og jamvel sennep med cider!
Så bar det vidare til neste stasjon, og no forlanga bussjåføren at ostane skulle leggjast under bussen... No kom me bokstaveleg talt til ein spritfabrikk! Kor mange liter sprit som blei produsert her, må eg berre innrømme at eg ikkje fekk heilt tak i, for på dette stadiet tok eg til å dette av litt av naturlege årsaker... Men det var ikke lite; hundrevis av tønner stod lagra i digre haller, medan fleire tonn eple låg ute. Dei låg rett på asfalten utan noko tak over - hadde det gått an i Noreg? Utruleg kva dei kan få til i EU.
Også her var det smaksprøver før bussen vendte heimover - det blei ein roleg busstur, før me var tilbake att på Campus I halv sju om kvelden. Nok ein fin og interessant ekskursjon med ein entusiastisk Francine. Denne dagen var forresten også Bergens- og Oslotudentane med på turen. Dei som tek fransk på universiteta i Noreg, har opphald her på ca. 6 veker. Tenk så heldige me er, som får heile året - forstår ikkje at ikkje fleire tek fransk på dette viset!

torsdag 16. oktober 2008

Jacques Brel

var innom meg ein tur til sundagsfrukosten i dag. Me hadde det utruleg triveleg i lag. Eg kosa meg med eit perfekt blautkoka, stort, brunt egg (frå frittgåande høns), godt brød, skinke, bleu d'Auvergne og Lanquetot frå Pays d'Auge.
Han song for meg og eg åt. Kan hende litt uhøfleg av meg, men det har jo sine naturlege årsaker.
Denne veka har stått i Jaques Brel sitt teikn, både her i Frankrike og heime i Noreg. 9. oktober var det 30 år sidan han døydde, og 14. oktober var gravferdsdagen, både for han og Edith Piaf (som blei markert med stor TV-sending her).
Grâce à (takka vere) P2-arkivet har eg fått meg nokre hyggestundar med Jacques Brel og ikkje minst Eivind Bøksle (som var så heldig å få vera musikklæraren min ein kort periode på ungdomsskulen). Tenk om han hadde sunge nokre av sørlandsvisene sine - det hadde blitt aldeles perfekt; Morgenstemning, Dansen på Uvår, Reinert med beine'... ein kan bli blank i auga av mindre.
Koseleg med litt mannfolkbesøk av og til, her eg sit i jomfruburet mitt.

Eg legg ved nokre linkar frå You tube, som eg håpar kjem greitt fram. (Der er støttekontakten min, Kirsten, som har funne fram dei - merci). Der kan de sjå monsieur Brel i opptak. La valse hadde me forresten ein av dei fyrste fonologileksjonane våre her.
Obs. Det minner meg på at eg må vel heller koma i gang med å lesa no. Skal ha eksamen i fonologi på tysdag. Kryss fingre!

La valse à mille temps
Amsterdam Jaques Brel
Ne me qittez pas Brel

søndag 12. oktober 2008

Haust i Caen

Me bur i det kvite huset lengst bak til høgre. Mange flotte fargar for tida.

Plantesal

Av alle ting kom me forbi eit gedigent utsal av planter og t.d. epletre på sykkelturen i dag. Ikkje mykje som minner om haust her.

Døme på fristelse


Då tenkjer eg ikkje spesielt på at denne kaka heiter un divorcé (ei skilsmisse).
Men det er ikkje alt som er like godt som det ser ut til (då tenkjer eg på skilsmisse), men det har eg jo eigentleg ikkje greie på.

Favorittbrødet mitt


Tenk at den lokale bakaren vår har Viking banette:) Ikkje mykje baguette her i gården!

Ny veke - nye sjansar

Vel flyg tida heime, men om mogleg, så flyg ho endå meir her.
I veka som var hadde me innleveringsoppgåve i fonologi, som me fekk att på torsdag, med masse kyt. Det var jo bra, med tanke på at me har eksamen om ei veke, grøss og gru.
Denne helga har Kirsten og eg jobba ein del me ei oppgåve til tysdag: I geografi skal me leggje fram immigrasjonshistoria i Frankrike dei siste par hundre åra - det er ikkje småtteri, skal eg seie dikkøn. Våre mottak av flyktningar og andre innvandrarar er ikkje rare greiene i forhold!
På tysdag skal eg også leggje fram ein avisartikkel i Francais pratique, men den får eg finne i morgo. Dette er ei fast oppgåve kvar veke, som er utruleg bra. Sist veke la eg fram ein artikkel om eit framlegg til nytt EU-direktiv: Svangerskapspermisjon skal utvidast til 18 veker(!) i 2011! (Då snakkar eg om for kvinner, ikkje pappapermisjon, som jo nærmar seg det same heime no). Dette forslaget har fått den tyske regjering og arbeidsgivarar der til å skjelve såpass at dei har søkt om dispensasjon alt! Ja, eg tillot meg å vifte litt med peikefingeren for dei unge jentene på gruppa mi; slik kan det gå om Noreg kjem inn i EU. Me er jo så flinke til å fylgje opp alle direktiv. Dei såg lamslåtte ut!
Veka før tok eg for meg ein artikkel om at det var vanskeleg å få legar til å jobbe i distrikta... Høyrt slikt!
Innimellom er det god, gamaldags grammatikkundervisning - litt pugg må ein vel òg gjennom. Sist veke kom eg meg også på trening for fyrste gong (sleit med influensa veka før): musculation. Høyrest ut som body-building (godt norsk/fransk). Har derfor hatt visse problem med å setje meg/reise meg dei siste par dagane, pga. mange knebøy. Denne veka skal eg også starte på Energym. Det er vel noko liknande av Friskis og Svettis, tenkjer eg.
Derfor var det godt med ein sykkeltur i dag i det utruleg flotte veret me har hatt denne veka. I 23 grader og med knallblå himmel sykla Kirsten og eg ut i dag. Måtte lufte hjernen litt fra all immigrasjonen. Kom gjennom eit par stille landsbyer, var innom ei fin kyrkje, og kikka etter ein kafe med litt fristelsar, men det fann me ikkje. Det er vel ei meining med alt her i livet.
Kirsten har hatt besøk av eit par kollegaer/venninner på haustferie, og det var no triveleg for meg òg. Om to veker til har me haustferie her, så då skal det bli godt å koma heim:)
Ha ei god veke, du med!

fredag 10. oktober 2008

Le prix de la liberté

Sist fredag var me på ekskursjon til Plages du débarquement - strendene i Normandie, som i ettertid er kjent for D-dagen, eller
"Jour J
", som franskmenn seier. 6. juni 1944 er blitt ein merkedag i historia, og når ein ser alle dei minnesmerka som finst her i området, kan ikkje den dagen bli gløymt, i alle fall ikkje på lang, lang tid.
D-dagen var starten på dei allierte sitt inntog i Frankrike , ein marsj som i fyrste omgang skulle vare fram til 28. august (trur eg), då Paris blei gjenerobra. Ein marsj som skulle koma til å koste nærmare ein halv million menneske livet! Derfor overskriften på dette innlegget: La prix de la liberté - frihetens pris.
Dagen vår starta i eit forrykande uver, truleg ikkje ulikt det veret som møtte dei 156205 soldatane som utgjorde landgangsstyrken den fyrste dagen. 10000 trakk sitt siste sukk denne dagen. Ufattelege tal. Berre i Caen skal det visstnok vera 3000 som mista livet.

På den amerikanske kyrkjegarden var det ei gruppe "godt vaksne" amerikanarar, som stod ved ei grav, der dei hadde sett ned eit lite, amerikansk flagg. Det var grava til Theodore Roosevelt jr. som hadde tatt del i landgangen. Han døydde av hjarteattakk 6 veker etterpå. Grava på den eine sida av han, var for bror hans, som mista livet under 1. verdkrig. Grava på den andre sida, bar forresten det norskklingande namnet Husted...

På den tyske kyrkjegarden var det ved somme graver friske blomar. Berre på dei få eg kikka litt på, kom det fram at mange av soldatane berre var 17 - 18 år gamle...

Eg går ut frå at dei fleste som les bloggen min, har ein viss kjennskap til denne delen av historia, og skal ikkje ta for meg noko stort foredrag om det her og no, men berre gje utdrag av dei inntrykk som møtte oss denne dagen. Har lagt til ein del bilete nedanfor, med små tekstar, som truleg talar for seg sjølve. Men dersom nokon skulle ha lyst til å lese seg opp litt, er det ein del bra info på denne linken: http://www.fofo.no/filestore/ff_05-04_s27-37.pdf

Me starta dagen på Pegasus Bridge, like utanfor Caen, der det er både museum og minnesmerke over det som hendte her. Engelske fallskjermjegarar kom hit med glidefly, som landa like ved brua. Eit hus like på andre sida av brua blei gjenerobra, og er fylgjeleg blitt til eit museum.

Det blei ein lang dags ferd vidare - me var langt frå åleine på denne ferda. Ein kan vel seie det slik at eg var blant dei yngste..., men det får no så vera. Mange nasjonalitetar og fulle hus på alle musea. Dersom du ser på bileta nedanfor, kan du fylgje reiseruta vår. Me var tilbake i Caen ved sekstida om ettermiddagen. Eg vil absolutt oppmode alle til å få med seg dette på ei Frankrike-tur.

Pegasus Bridge



















Like utanfor Caen starta D-dagen. Her landa engelske glidefly med fallskjermsoldatar og sekkepipeblåsaren Bill Millin, som danna fortroppen då dei marsjerte over brua, til melodien Blue Bonnets over the Border.

Utsikt frå Pegasus bridge



På det fyrste biletet: Så langt unna låg hovedkvarteret til Vehrmacht (slott, må vite), då engelske glidefly landa like over midnatt.
Denne aksjonen hindra og at tyskarane fekk nye forsyningar.
Det fyrste frigitte huset i Frankrike, natt til 6. juni. I dag: Kafe og museum.

Den norske marinen

er heidra ved dette monumentet av Per Storm, avduka av kong Harald 7. juni 2004 i Hermanville-sur-Mer. Jageren Svenner gjekk ned like utanfor kysten her.
Kirsten og eg står forblåste og forfrosne framom
"Marinegasten".

General de Gaulle

gjekk i land her nær Courselles-sur-Mer. Minnesmerket er på plass.

Mulberry harbour

Ute i sjøen kan ein sjå litt restar av dette fantastiske anlegget som denne kunstige havna var. I bakgrunnen Pointe du Hoc, der amerikanske soldatar prøvde å ta seg opp på høgda, for så å bli meid ned.
På land står det diverse restar av gamle bunkersar o.a., blanda opp med diverse minnesmerke og muséer. Ikkje alltid like fint samansett, som t.d. denne Jesusfiguren til høgre.
Her var vinden så kraftig at eg hadde store vanskar med å halde meg oppreist.

Cinéma circulaire, Arromanches

Gripande filmframsyning, der ein veksla mellom dokumentarfilm frå landgangen og månadane som fylgde, og idylliske scener frå vakre Normandie i dag.
Fotoutstilling med kjente og sterke foto, som bl.a. her som ordføraren i ein liten by tek imot dei allierte styrkane.

Arromanches


Musée du débarquement har ein imponerande modell av den kunstige havna Mulberry Harbour, men også mykje anna

Norsk innsats


Også her blei norsk innsats omtalt. Rart å sjå dei norske uniformane - truleg samme som far min hadde som soldat i England på slutten av krigen...

Den amerikanske kyrkjegarden



Krattet og stigningane soldatane måtte kravla seg gjennom, før dei kom opp der kyrkjegarden ligg i dag. Mange blei nok meid ned der.

torsdag 2. oktober 2008

Kattungen min


Neida, slapp av Svein. Men han vil veldig gjerne vera min. Nesten kvar gong eg opnar glaset mitt, kjem han springande og prøver å koma inn. Trur han må ha høyrt rykte om at dei to kattane me har heime, tek til å trekkje på åra...
Namneforslag?
Han er jo fin, då.

Dagens


Eit døme på ein typisk dejeuner-rett på kantina her. Overlessa anten med pommes frites eller ris. Vanleg kokt potet har eg ikkje sett enno, men potetstappe er det ofte. I dag var kebabkjøt eit alternativ. Sånn passe. Men paellaen i førre veke var utmerka, det same ein skalldyrsalat veka før. Pizzaen er og som regel god. Eit rundstykke er gratuit. Dagens "fristelse" var ei slags eplekake med noko søtt, puddingsaktig stoff oppå. Eg åt ho ikkje opp.
Betalingskortet nede til venstre er eit OK system, bortsett frå når det er tomt for pæning. Dei som har fransk konto, kan fylle på direkte på mange automatar, som står rundt omkring, men me som fortsatt trur me kan greie oss med den norske kontoen, risikerer å måtte stå i kø for å fylle på kortet.

Flystripe

Så har eg fått svar på kva minnesmerket nedanfor er for. Det er ein takk til dei nordmenn som var med på å byggje ei flystripe mellom Caen og kysten, i samband med D-dagen. Skal prøve å finne ut meir om det seinare.
Ei ny veke er nesten over. Dvs. ordinær undervisning på universitetsområdet, der det no kryr av folk. Dei franske studentane er tilbake for fullt, noko som tyder lange køer i matpausa (godt ho er på 11/2 time), men det er mat nok til alle. I den eine kantina må det vera fleire hundre på same tid, den andre er litt mindre. Det går rimeleg fort unna, og er greit organisert. Ein fiskekø, ein salatkø, ein pizzakø osv. På kvar "stand" kan du velje mellom ulikt tilbehør. Grønsakene er som regel ihelkoka, risen likeså. Elles er det nokre diskar der du kan forsyne deg meg ulike typar salat, råkost, patéar o.l. Så er det det ein helst skal gå forbi: store diskar med ulike dessertar og kaker. Alt er ikkje på langt nær så godt som det ser ut til, men det veit ein jo ikkje utan å smake... Men smakar ein på slikt kvar dag, vil vel det få sine konsekvensar, så eg prøver stort sett å gå forbi.
Etter dette gedigne måltidet, som kostar ca 3€, dvs ca. 25 kr., har me eit fast lite rituale med ein skikkeleg god kaffekopp (café longue) i ein kaffebar like ved, som heiter Oksygen, av alle ting. Deretter er me eigentleg berre klare for ein ting, nemleg ein liten middagskvil. Men den gang ei... Då er det i gang med ny økt, som i dag varte til rundt halv fem, fordi me måtte leite etter ledig lokale. Som sagt, her er overfylt med studentar (ca 25000, fordelt på 2 campus-område), så livet er ein kamp innimellom, i alle fall for lærararne, som når dei endeleg har funne eit lokale, så virkar ikkje ditt, og så manglar datt.
Men Francine fekk no losa oss gjennom fonologi-økta i ettermiddag i fullt driv likevel, som vanleg. I tillegg hadde me ei runde med informasjon om morgodagen. Då skal me på ein ny, stor ekskursjon. Denne gongen til strendene i Normandie, som var åstaden for D-dagen. Men det kjem eg tilbake til etter den turen. Me har med oss dyktige guider, bl.a Francine, som sjølv om ho har vokse opp i området, og har gjennomført slike opplegg mangfoldige gonger før, likevel fekk problem med å leggje fram stoffet for oss i dag. Det er fortsatt eit kjenslelada tema for folk her, og truleg også for dei fleste av oss norske. Så det skal nok bli ein tøff dag i morgon. Då er det ikkje uveret som er meldt, som eg tenkjer på.
No skal eg slappe av litt, før eg skal lese meg opp på det som skal skje i morgo. Har informasjon både på fransk, norsk og engelsk, ikkje rart ein har vanskar med å sova om natta.
Men eg treng heldigvis ikkje bruke tid på å lage middag. Dei dagane me er på Universitet og et dejeuner, er det ikkje nødvendig å lage middag om kvelden! Og i morgo skal me få Quiche Lorraine:)
Er forresten i rimeleg bra form att, etter influensaen sist helg. Var borte frå skulen på måndagen, og stod over fyrste treningsøkt eg skulle vore med på her: Energym på tysdagene. I morgo går eg glipp av musculation, som eg har meldt meg på på fredagane, pga. turen. (styrketrening, altså). Men eg får koma sterkare tilbake seinare!