fredag 26. september 2008

Minnesmerke

Her i område kryr det av minnesmerke frå 2. verdkrig. Som tidlegare nemnt, bur eg jo 5 min frå det store Memorial-museet, og ca 20 km frå kysten der D-dagen fann stad i juni 1944. Dette pregar området i sterk grad.
I dag var det "studiedag", og litt utpå dagen kjente Kirsten og eg trang til lå fristille hjernecellane våre frå groupe rhytmique, syllabes, voyelles et consonnes" og kva det no er me driv og slit me for tida (fonologi-eksamen i slutten av oktober). Fordi eg hadde ein Skype-avtale med min kjære, måtte me avgrense turen noko. Me drog rett mot St. Aubergne sur Mer, att og fram ca. 2,5 mil (det var altså ikkje roiinnndtur i dag, Kirsten). Plutseleg, utpå ei endeløs slette med nypløygd mark; eit norsk flagg - og eit fransk flagg?! Me stoppa. Det var eit fint minnesmerke over norsk innsats i området i 1944. Me kjenner ikkje til om det var noko spesielt som hende nett der. Det får me heller koma tlbake til. Historien er aldri langt unna her, anten det er snakk om vikingtid, middelalder eller 1900-talet. Og no er debatten om kjernekraft særs aktuell i området her. Folk veit å gjera livet vanskeleg...

Vélo = vélocipède = ???

Jaudå, det er sykkel. Eg skulle altså gjera eit intervju med nokon som kunne fortelje meg noko meir om voies vertes, dvs. sykkelvegar.
I Frankrike har ein hatt eit stort statleg prosjekt for å leggje til rette for trygge sykkelvegar - der har me mykje å lære. Her i Caen er det stort sett langs dei større hovedvegane alltid ein sykkelveg ved sida. Sykkelfeltet er merka med grøn asfalt, symbol for syklistar, og fortrinnsrett/oppmerka felt i rundkjøringar og fotgjengarovergangar. Hadde det ikkje vore for vinden, hadde det vore ein rein fornøyelse å vera syklist her. Men rett skal vera rett, det hender jo at me har vinden i ryggen og!
Ja, eg må vel nesten seie litt meir om kvifor eg ville intervjue desse søte unge damene? Ein ting er jo min nye velo som gjerne vil ut og lufte seg, men eg måtte jo nesten fortelje om mon mari = Svein, som har planar om å sykle frå Rauland til Caen neste sommar... Ohlala, sa damene, tydeleg imponerte. Ja, ja, me får jo sjå kor mykje det er å vera imponert over når han kjem fram, he, he. Kan hende eg får vera solidarisk og sykle han i møte?
Men dei visste ikkje om det var voies vertes i Nord-Europa. Får sjekke opp litt med Schengen.

http://www.voies-vertes.info/gen.

Randonné


Her er mitt offer - ein tidlegare lærar, som er med i ein organisasjon for folk som likar å randonné, altså gå på tur.
Det er berre det at her er det ikkje så enkelt. Ein arrangerar turar. Folk ringjer og melder seg på. Så kan ein få transport. Så gjeng ein i lag nokre timar /kilometre - lange turar, det er ikkje det. Ja, ja. Eg fekk nokre linkar, telfonnumre osb. Det kan sjølvsagt vera ein fin måte å finne folk og parle med, men kor blir det av den norske turen, åleine, i nær kontakt med naturen, nistepakka og termosen... Jau, eg skal nok prøve det. I løpet av året.

Randi

er i ferd med å gjennomføre leksa si. Slett ikkje verst. Sjølv hadde eg ikkje kome i gang enno. Dette var beintøft, skal eg seie dikkøn!

La Foire International de Caen

Var denne vekas store happening (dårleg nynorsk/dårleg fransk - c'est la vie). Den store utfordringa var som fylgjer: Finn nokre representantar for noko som er typisk Normandie, gjer eit intervju med dei og legg fram resultatet tysdag la semaine prochaine, neste veke.
Men som dei fleste lærarar veit: Punkt 1 på slike turar: Er alle her? Kven manglar? Er me 15 som me skulle ha vore på dette biletet..? ja, ja, eg tok jo biletet, men likevel). Frå venstre: Kirsten, Marie Laure, Armelle delvis bak, Linda, Karis, Anna Katharina, Maja med ryggen til, Eyvind og Anders,som hadde henta kjærasten på Charles de Gaulle kvelden før. Forresten, Mildred hadde reist heim til kjærasten sin...

søndag 21. september 2008

Min horisont

frå venstre: Wikipedia, Fransk-norsk/norsk-fransk, geografiboka, le petit Robert, conjugaison, vekeplan og bokmerke.
Eg har valt det sjølv...

4 veker.

- I dag har eg vore i Frankrike i 4 veker, sa eg til Kirsten, då me oppsummerte meininga med livet medan me venta på crepe'en (pannekaka) i Rosariet, der me hadde sundagsturen vår i dag. Denne flotte parken ligg berre 5 min unna der me bur, og er tydelegvis eit stor utferdsmål for lokalbefolkninga. Klar overvekt av småbarnsfamilar og pensjonister. Og oss. Rosene er på hell no, konstaterte me... (Inga samanheng med våre liv, om nokon skulle tru det).
Me hadde rett og slett ikkje tid til lengre utflukt enn som så idag. Kirsten har no berre seg sjølv å takke, ho som har skeia ut med eit par dagar i Paris med gamle (låke?) vener. I går kveld hadde me ein heilaften og feira bursdagen til Randi. At me ramla bort i eit fylgje på ørten svenske nubbar (gubbar), då me eigentleg skulle ta bussen heim, kunne jo ikkje me noko for. Dei syntest det var veldig triveleg (jättekul) å treffe oss og då kunne jo ikkje me ta den gleda frå dei. Så då blei det drosje heim att nokre timar seinare. Ja,ja, ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv - særleg i lag med andre:)
Elles går dagane med til å lese, frå tidleg om morgonen til seint om kvelden. I dag har eg lese geografi frå eg stod opp til Kirsten kom på middagsbesøk for å smake på andoille (ei slags medisterpylse, som liknar litt på jolepylsa mi, men ikkje på langt nær såååå god, om eg så skal seie det sjølv).
Geografi (altså om korleis Frankrike i si tid blei slik det no ein gong er no, med alt det som finst av natur), er truleg tungt nok å lese på norsk - kva då med fransk? Dersom nokon hadde tatt ein test på lesehastighet, hadde eg blitt tildelt støttetimar døgnet rundt resten av tida mi her!
Apropos mine 4 veker til no i Frankrike. Cet a dire (dvs) at eg har gjort unna 1/10 av tida mi her. Har eg lært 1/10 av det eg skal lære i løpet av dette året? - Dette går no kjølig bra, det, seier Kirsten, alltid optimist. Du veit, når me berre lærer oss litt fleire ord, så skal nok det gå kjølig bra, held ho fram. Den som liver, fær sjå, seier no eg.
Ei ny veke står for døra. sist veke var eit pes, som vanleg. Ein dag hadde me ei 3-timars økt med bl.a. å sjå på nyhetane på TV5Monde. Det var sjølvsagt akkurat den dagen børsane stupte over heile verda. Eg hadde sikkert hatt problem nok med å fylgje tilsvarande på gode, gamle Dagsrevyen, og så då på Fransk! Kjære kjøt! Etter ein time var Francine nøgd med kva me hadde fått ut av det. Så var det rett over på eit innslag om Rom-folket (sigøynere), og ein konferanse som hadde vore i EU-kommisjonen om dei, uttaler frå Berlusconi osb. Til slutt var det eit innslag frå Väksjö i Sverige, som hadde vunnet ein miljøpris. Sikkert vel og bra, men kvifor kunne me ikkje på det på svensk, i det minste! Så avslutta me det heile med ei vise av Jaques Brèle.
Så her går det unna. I morgo skal eg leggje fram ein avisartikkel frå France Ouest om legeflukt frå landsbygda (kjente toner?). Legane vil visst helst vera anten i sola i syd eller i Paris.
Denne veka kan me visst melde oss på diverse treningsopplegg på Universitetet. Har faktisk vore flink og både jogga og sykla litt i det siste. Så då fær me sjå om ikkje me fær plass til litt meir på vekeplanen. Hej då!

Painnkak

Måtte innom vårt lokale creperie etter sundagsturen i Rosariet.

På tur i Rosariet, 5 min. frå heimen.

Kirsten skuer ut over Caen.
Universitete rett fram

Rosene er på hell no

Gamlebyen i Caen



Her feira me bursdagen til Randi i går. Jakttid i september?

fredag 19. september 2008

Le petit Robert


vitale mål: 25 x 18 x 8 cm. Mykje interessant lesestoff her.

Dei 4 S-ane

Studiedag i dag. Starta optimistisk med sterke verb. No er det ingen bøn meir; klar melding frå Francine om at me kjem til å bli høyrd i somme av dei mest sentrale sterke verba på onsdag. Verb er jo i seg sjølv ei sann plage på fransk, dei har vel minst dobbelt så mange tider som me har, og ulik bøying for alle personar. Døme: å ha i presens på norsk: eg/du/han-ho/vi/de/dei har. Det greier me oss heilt utmerka med. Franskmennane derimot ( i same rekkjefylgje): j'avais, tu as, il-elle a, nous avons, vous avez, ils ont. Som om ikkje det er nok, så er det somme lydar som skal uttalast, andre ikkje.
Eg har kjøpt ei eiga lita bok på ca 200 sider som heiter la conjugaison, og berre handlar om bøying av verb. På fargen liknar boka på Mao's lille raude, men innhaldet er vel meir som den lille katekismen.
Biblen med stor B heiter le petit Robert (synonymordbok) og finst i alle storleikar. I butikkane har dei utgåver ungane tek til å bruke på eit tidleg tidpunkt på skulen. Den største utgåva er visst kjempediger. Vår er "berre" på 60ooo ord/ca. 3000 sider og kan brukast til styrketrening, om ikkje anna. Eg prøvde meg på eit reknestykke om kor mange sider eg måtte lese per dag for å koma gjennom dette året, men fann ut at det er heilt umogeleg. Men Francine, fonologilæraren vår, uttalte begeistra at ho elskar den boka. Då må ho vera god - Francine har nemleg god smak; ho er eigentleg busett i Kristiansand. Eg trur forresten eg veit kven ho var gift med før, men det er ei anna sak. Får heller koma tilbake til det når eg evt. har fått stadfesta det.
Shopping var den neste s-en. Drog til byen, (skulle kjøpe geografibok), havna på H&M, traff nokre av ungjentene på studiet der. Billig og bra. I det heile tatt er det absolutt mogleg å få tak i mykje billig her, men eg forvilla meg og inn i eit par sjapper som eg berre lista meg fort ut av. Vel heime att blei det
Sykkeltur. Ikkje så lang, riktig nok, for det begynte å bli seint, og er har ikkje lykt på sykkelen! Men det blei over 45 min. så eg kan skrive det opp på aktivitetskalenderen til kommunen! (I går var eg på joggetur, med styrkeøkt etterpå, enda eg hadde gått att og fram til skulen (1 t.) Det var forresten fæl trafikk der eg sykla, så neste gong eg skal på tur, skal eg rådføre meg meg Michelin sin reiseplanleggjar, dei har fin info for syklistar og fotgjengarar. Siste s'en var
Statens lånekasse, som ikkje lenger er avgrensa til studerande ungdom, som det heitte før i tida. Og bra er det, for no driv eg og tar opp att kontakten med noko eg ikkje trudde eg skulle ha meir med å gjera. Eg hadde søkt på eit legat som eg vel hadde rekna med å få nokre tusenlappar frå, men den gong ei. Trur alle dei andre her har fått, men ikkje eg. Einaste forskjellen på meg og dei er at eg er gift. Og så trur dei fine Bærumsfuene som er med i styret for legatet at det er slik at ein er forsørga fordi om ein er gift! I 2008! (Eg skal sende ein sur mail til dei). Dei andre kan jo leige ut leilighetane/husa sine medan dei er borte. Eg kan vel ikkje akkurat hive ut Svein, eller?
Så då må eg altså gjenoppta kontakten med Lånekassa, som no skal forsørge både gamlemor og 4 skrikarungar dette året (godt ein ikkje har fleire).
Men fint ver har me. Det er litt under 10 grader om natta nå, men opp mot 20 om dagen og mykje både sol og vind, som kjennest kald innimellom. Tre og buskar tek til å skifte farge, så det er nok haust her og. Kjøpte meg forresten ny dyne her om dagen, for då var eg lei av å fryse om nettene. Nei, dette teppesystemet skal franskmenn få ha i fred for meg!

lørdag 13. september 2008

På marknaden i går skulle me finne fram til typiske produkt frå Normandie. La teurgoule er eit døme: Ris som kokast i 5-6 timar i sukra mjølk med kanel. Skal etast med brioche og cider.

Brunosten var det einaste som mangla

Le pape arrive en France

stod det å lese i avisa her, Ouest France, i går. Benoît som dei kallar han her. Heile Frankrike står på hovudet. Nett no er det direkteoverføring på TV frå utandørsmesse i Paris - det ser ut til at dette er større enn innspurten i Le Tour de France. Dei er no heldige med veret i alle fall.
For meg var det største i går at eg endeleg fekk meg eit fransk nummer... : 0033672421233. De kan tru Kirsten og eg var stolte i går kveld, då me både hadde greidd å gjennomføre den store handelen og fått til å recharge la mobicarte. Det var sikkert til god hjelp at me hadde litt ost og vin før me fullførte den siste etappa.
Som sagt, fint ver i dag, men ikkje planar om store fysiske "utskeielsar", det vil nok gå meir på det intellektuelle. I tillegg til å fylgje med på paven, blir det snart å setje seg til med nouvelle grammaire du Francais, eller grand mère (bestemor), som ein av mine medstudentar (skal ikkje nemne namn), trudde det blei sagt her ein av dagane. Eit godt døme på kor viktig fonologien er, som eg òg må jobbe ein del med i helga.
Men det skal nok bli ein luftetur i løpet av dagen, til dømes til det flotte rosariet i nabolaget her.
Han kan då meir enn sin latin, den gode Benoît XVI, fransken er slett ikkje verst, det skal han ha.

torsdag 11. september 2008

Klassefest i kveld!

Tenk, ei ny veke er alt ferdig! No ja, ferdig og ferdig, fru Blom. Me har haugar av oppgåver å gjera, av ulike slag. Som t.d. i morgon og sundag: Gå på den store marknaden i byen og finne svar på ein masse oppgåver. Men det er jo sjølvsagt triveleg òg.
Fonologieksamen er alt 20. oktober, så der er det berre å stå på. Lærar Francine, som har budd i Kristiansand i fleire år, jobba på Univ./høgskolen der òg, har skrive den læreboka me brukar, så der går det unna. Eg synest det er eit morosamt fag, så då får ein berre stå på.
Men som sagt, fyrst er det "klassefest". Kan hende litt drøyt å kalle det studentkro når me berre er 13 (ikkje noko ulykkestal så langt).
Fekk ei føling med at ein er langt heimefrå i går. Ein av medelevane fekk melding om at mora var gått bort. Sjølv om ho var over 90 år og sjuk, er det jo rart med slikt.
Har bestilt tur heimatt til siste veka i oktober.

onsdag 10. september 2008

Ekskursjon

Me skal ha mange ekskursjonar dette året. I dag var me til øya med klosteret Le Mont Saint-Michel, som du kan lese meir om på nettadressa ved biletet. Det blei bygd ei kyrkje der på 700-talet, etter at biskop Aubert i Avranches hadde fått melding frå erkeengelen St Michel, gjennom ein draum, om å byggje ei kyrkje der. Seinare har staden blitt bygd ut og brukt til mangt og mykje - eit imponerande byggverk, med ein statue av erkeengelen i gullforgylt prakt, på toppen av det heile.
Etterpå var me på eit interessant museum i Avranches (Scriptoriat), der dei har originale biblar o.l. frå 1000-talet, som me fekk sjå. I tillegg til at det var ei Chagall-utstilling der.
Båe stadene hadde me særs dyktige historikarar/arkeologar som omvisarar, og fekk sjå mykje som vanlegvis ikkje er ope for publikum! Utruleg interessant, men eg må nok vedgå at det var eit par utgreiingar som ikkje gjekk heilt inn, av ulike årsaker. Me får ta turen om att til våren!
Etter 12 timar på tur var me tilbake på Universitetet, så ein spasertur på ein halvtime og så førebuingar til morgondagen eit par timar.
Og så er det over 20 grader og sol om dagane!

http://www.lemontsaintmichel.info/

lørdag 6. september 2008

Klassa mi. Marie Laure fortel om borga. Kva er det Linda har fått auge på?

Randi et moi

Kirsten

Mon velo; Cannondale Adventure

My home is my castle

D'accord.

Dette uttrykket er heilt sentralt i all mellommenneskeleg kommunikasjon i Frankrike. Ved å putte inn eit lite d'accord i samtala/informasjon eller kva det no er du blir utsett for, gir du i det minste eit inntrykk av å vera med. Ikkje så dumt med slike små hjelpemiddel, når ein kjenner seg liten i det store utland.
No har eg vore i Caen i ei veke; det kjennest som ein månad, minst. Det beste av alt er at eg har ei heilt anna kjensle av meistring no enn eg hadde etter det intensive språkkurset i førre veke. Ikkje for det, eg trur absolutt eg hadde utbyte av den veka, men den siste veka har gitt meg litt meir håp for framtida.
Fekk jo ein god start sist sundag i lag med Kirsten og Randi. Måndag morgon fann eg greitt fram til rett lokale på O.F.N.E.C., som vår avdeling kallast. Dei andre medstudentane er très sympatique, i alderen 21 - 71 år, 3 karar og 10 kvende, frå det ganske land. For ikkje å snakke om lærarane - dei snakkar jo slik at eg forstår ca. 95 %! Fantastisk! Somme snakkar norsk og, men brukar det minimalt i undervisninga. Denne veka har med hatt fag som "Francais pratique", "Phonologie" og "Grammaire", i tillegg til eit par omvisningar i Caen by; absolutt nyttig. Universitetet ligg 5 min. frå sentrum av byen, der det og er ein gamal borg, ei flott kyrkje og mykje gamal "histoire". Som t.d. nonneklosteret og munkeklosteret som Wilhelm Erobraren (eller Guillaume, som han heiter her) og kjeringi Mathilde måtte byggje for å unngå pavens vrede i si tid. Han lika visst ikkje forholdet deira, kva no han hadde med det å gjera, han som likevel skulle leva i sølibat og ikkje visste kva slikt dreidde seg om.
For ikkje å snakke om alle minnesmerka over 2. verdskrigen. Var innom postkontoret i dag. Der var ein stor vegg full av namn over falne frå Caen under krigen.
Undervisningsopplegget ser ut til å vera til å leve med, som sagt. Me hadde ein test her om dagen, som eg ikkje aner utfallet av. Men me er no delt inn i to grupper ut frå den testen. Kirsten meiner ho havna i gruppa for dei med einskildvedtak! (Internt for skulefolk). Me får sjå på måndag kven av oss som får returbillett heim til gamlelandet på statens rekning.
Det har vore ei travel veke. Hadde det ikkje vore for at pusting er noko som stort sett skjer automatisk, er det ikkje godt å vite korleis det hadde gått. Har trava rundt i timesvis kvar dag og begynner å få ein viss peiling på somme stader, retningar og namn i området. Veret skiftar opptil fleire gonger om dagen. Kan vera surt og mykje vind, men plutseleg skin sola, og då er det godt og varmt, som i dag då Kirsten og eg tok oss ein pause på "Café de Caen" med ein "café longue", som då altså er vanleg svart kaffe utan mjølk og sukker. Då hadde me ei kjensle av det gode liv i Frankrike!
Me har studiedag kvar fredag, dvs. undervisningsfri. Det eg studerte i går, var "jeune pages" (gule sider på fransk internettside), i håp om å finne ein god sykkel. Hadde vore og sett på nokre syklar på eit par kjøpesentre, men var ikkje heilt nøgd. For å koma til eit par aktuelle sykkelbutikkar i går, måtte eg ha intense studier av både kart, buss- og trikkeruter, samt overgangssystem mellom desse. Altså: samfunnskunnskap i praksis. Så måtte eg attpåtil snakke fransk for å finne ut om syklane. Hadde notert meg nokre sykkeluttrykk på førehand. Som t.d. sykkellås = antivol.
Så no står vidunderet i kjellaren her på Résidence Tempologis Sphinx. I morgo har Kirsten og eg tenkt oss på sykkeltur til Ouistreham (ved kysten). Ca. 15 km. i ganske flatt terreng. Det er i alle fall ikkje sykkelen det skal stå på - den triller lett som berre det. Er ikkje heilt i slag i kveld; har litt feber og småforkjøla som konsekvens av det skiftande veret, men ein litt stiv Pastis no i kveld har sikkert god virkning. Betre hostesaft finst ikkje.
Som de sikkert forstår, har eg det veldig bra. I går kveld var Kirsten og eg heim til Randi på andre sida av byen på osteaften. Der var og vertinna hennar, ei fargerik og snakkesalig dame (i "tilpassa" tempo) på ca. 65. Kunstmålar med særs spesiell leiligheit! God mat og god vin gjorde at det kom nokre uttrykk på noko som likna fransk frå oss og.
I Kirsten har eg funne ei god venninne. Utruleg at me berre har kjent kvarandre ei veke, for det kjennest som mykje, mykje lengre. Tilfeldig at me begge hadde gjort avtale om å bu i dette leiligheitskomplekset. Me tek fylgje til/frå skulen kvar dag (ca. 25 min. å gå) og har gjort mykje anna i lag. Ho jobbar i ungdomsskulen på Oppdal, men har ei "fortid" i vaksenopplæring og på sosialkontor frå før. Altså ein ideell støttekontakt for meg. Ho kjem til å fylle 50 i løpet av vinteren, så då er me sikra ein dugeleg fest!
Eg legg ut somme bilete på denne bloggen, men då det tek litt stor plass, blir det ikkje så mange. Dei som vil sjå fleire, må anten inn på facebook eller sjå hos andre som er på denne "fjaseboka".
Ja, ja, det blei no ein litt lang epistel denne gongen. D'accord...