onsdag 10. september 2008

Ekskursjon

Me skal ha mange ekskursjonar dette året. I dag var me til øya med klosteret Le Mont Saint-Michel, som du kan lese meir om på nettadressa ved biletet. Det blei bygd ei kyrkje der på 700-talet, etter at biskop Aubert i Avranches hadde fått melding frå erkeengelen St Michel, gjennom ein draum, om å byggje ei kyrkje der. Seinare har staden blitt bygd ut og brukt til mangt og mykje - eit imponerande byggverk, med ein statue av erkeengelen i gullforgylt prakt, på toppen av det heile.
Etterpå var me på eit interessant museum i Avranches (Scriptoriat), der dei har originale biblar o.l. frå 1000-talet, som me fekk sjå. I tillegg til at det var ei Chagall-utstilling der.
Båe stadene hadde me særs dyktige historikarar/arkeologar som omvisarar, og fekk sjå mykje som vanlegvis ikkje er ope for publikum! Utruleg interessant, men eg må nok vedgå at det var eit par utgreiingar som ikkje gjekk heilt inn, av ulike årsaker. Me får ta turen om att til våren!
Etter 12 timar på tur var me tilbake på Universitetet, så ein spasertur på ein halvtime og så førebuingar til morgondagen eit par timar.
Og så er det over 20 grader og sol om dagane!

1 kommentar:

Elin sa...

heldig m fint ver.. Her regnar d, men eg skø likevel berre sitte inne og skrive rapportar kvør dag, sø d æ jo like greit.. :) Fin bygning altså! Klem