fredag 28. november 2008

Sist onsdag


var ein innhaldsrik dag. Då tenkjer eg ikkje spesielt på timane i Civilisation, der me hadde full gjennomgang av fransk skulehistorie (tilbake til romerriket), pluss at eg ikkje hadde fått gjort det intervjuet eg skulle, men skitt på, det blir visst fleire høve til slikt:(
Me hadde elevsamtaler med Francine på ny, og snakka mellom anna om didaktikkoppgåva (10 studiepoeng), som me skal jobbe mykje med mellom jol og vinterferien. Ho spurde om eg hadde nokre tankar - det hadde eg - ho ville høyre dei - det fekk ho - Det var ein veldig god ide, sa ho.
Så blei det plutseleg arrangert eit lite stevnemøte med Ragnar Hovland (som er i Caen i samband med dei nordiske kulturdagane her). Det viser seg at ein av lærarane her ,Helge,(ikkje vår lærar, men har ansvar for dei franskstudentane som er her på kortare opphald frå Oslo, Trondheim, Kristiansand, Bergen og Stavanger) er gamal kjenning av Ragnar Hovland tilbake til studietida (begge har fransk hovedfag). Helge hadde då fått til ei avtale, slik at me møttest i resepsjonen på hotellet til Hovland over 1 glas vin og hadde trivelege røur (vest-telemarksuttrykk for samtaler) omkring forfatterskapet hans, nynorsken sin posisjon i framtida osb.. I den samanheng fekk jo eg sagt noko om at eg var frå Vinje og at songane til Odd Nordstoga, med Hovland sine tekstar, absolutt er med på å "legalisere" nynorsk hos ein del av dei som elles har problem med denslags. Som de skjønar; dette blei djupt! Han las frå den siste boka si (popleksikonet). Kona hans var med, ei triveleg dame som omset bøker frå fransk til nynorsk.
For Kirsten var dette treffet eit av høgdepunkta dette semesteret, berre sjå på biletet over!
Onsdagen før var me på noko som heiter Bien-venu à Caen, eit tiltak i regi av pensjonistane i Caen for å hjelpe utanlandsstudentar med å få kontakt med lokalbefolkninga. Støttekontakt med andre ord. Sist onsdag skulle det vera eit stort møte, der alle skulle få treffe sine. Derfor måtte me fly rett frå Hovland til nytt stevnemøte. Spanande. I mellomtida hadde eg fått ein mail, og etablert litt kontakt med ei dame på 60 år, enke, som budde i lag med ei dotter på 29, som visstnok har 3 ungar. Ho viste seg å vera ei triveleg dame; en pen, nett liten fransk Madame, som alt i den fyrste svarmailen til meg hadde retta dei feila eg hadde hatt i min fyrste mail. Det same gjorde ho då me tok til å snakke - på en hyggelig, men korrigerande måte... Ikkje heilt norsk, nei, men eg har nok utruleg godt av det.
Dama til Kirsten var ein heilt annan type, heller det eg vil kalle ei grepa kjering, som du kan finne på mang ein gard i Noreg. Lettvinn og enkel å vera i lag med, rettleiar absolutt når det gjeld språket ho òg, men med eit litt anna tonefall. Noja, me får sjå korleis det barkar i veg. Har alt fått ny mail frå Maryvonne, som mi heiter, med tilbod om at eg kan sende mail til ho kvar 2. eller 3. dag, som ho kan rette. Eg har enno ikkje turt å svare på den, men må vel berre la det stå til etterpå.

Jeanne d'Arc

Place du Vieux Marché, like ved der Jeanne d'Arc blei brent på bålet, 30. mai 1431. Muséet om henne er eit av dei gamle husa på andre sida. Det mørkaste huset er det eldste herberget i Frankrike, frå 1400-talet det òg?
Den fromme ungjenta får si openberring om å delta aktivt i kampen mot den engelske kongen (i Frankrike).
Ein kopi av rustninga ho bar; ca 40 kg på jentungen på 1.62 cm.

Triveleg by, Rouen.


Verdas beste pasta med smakfull pestosaus, eplekake og god vin kan du få på Place Dominique Laboubée (eller anciennement rue massacre), like ved Rue du Gros Horloge.
Ein av dei leilighetane på andre sida av gata her, skal eg ha om eg får meg jobb i Rouen... Litt kjedeleg med den kyrkjeklokka som slår kvart kvarter, men likevel.

Tur til Rouen


Før eg reiste heim på haustferie, avtalte Kirsten og eg at me måtte sjå til å koma oss meir ut i verda etter kvart. Det går den vegen høna sparkar, anten me sit inne og les heile helgane eller ei.
Laurdag 15. nov. stod me tidleg opp for å ta toget til Rouen. Spanande nok, berre det, med tanke på at det hadde vore mykje streikar på toga i det siste. Me blei sitjande og vente eit par timar, men det var heilt sjølvforskyldt. Me hadde glømt å sjekke dagane godt nok, så det var sundagstoget me hadde sikta oss inn på. Ja, ja, me kom oss etter kvar av garde. Etter om lag 11/2 time på toget var me i hjartet av Rouen, og traska i veg i retning av hotellet. Skal ikkje seie så mykje meir enn at har du ikkje vore der, så bør du reise dit. Skal leggje ut nokre bilete (det tek uendeleg lang tid), men det er ein utruleg flott by dersom du likar gamle bindingsverkshus, trange smug, gamle kyrkjer (skal tru kor mange kvadratmeter kyrkjeplass kvar innbyggjar har der?), trivelege små restaurantar, museum osv. Og utruleg flotte blomearrangement over alt. Og trivelege folk. Som t.d. på den bitte, vesle kafeen med hadde fått tips om frå medstudent Linda. Trur det var 4 bord der, og ei litt eldre dame og ein mann som dreiv staden. Me fekk verdas beste pastarett, som ho hadde laga sjølv, og etterpå berre måtte me smake på ei veldig god eplekake (som ho hadde laga sjølv) osv. Vin i rause glas. Så der gjekk det jo eit par timar...
Me hadde tenkt oss på Musée National de l'Éducation (skulehistorie tilbake til 1500talet), men det var diverre under oppussing. I staden rusla me vidare, fekk med oss ei kyrkje til og ramla plutseleg borti ei kunstutstilling i ei anna kyrkje (ei lita ei, bak den stooore katedralen). Der fann Kirsten seg eit lite kunstverk og eg eit par små. Me ramla også bort i minnesmerke over Gange-Rolv og Harald Blåtann.
Sundag føremiddag hadde me sett av til ei gamal venninne av oss, Jeanne d'Arc. Tja, eg veit forresten ikkje kor god venninne ho er av oss likevel, for me blei fortalt i samfunnsfagundervisninga, at leiaren av Front National (l'extrême droit), høgreekstremisten Jean Marie Le Pen, og hans tilhengarar, har trykt Jeanne d'Arc til sitt bryst og feirar henne kvart år 1. mai (det var jo også ein dag). Eg veit ikkje om ho ligg og roterar rundt i si grav på grunn av det resten av året, reint bortsett frå at det er ikkje så mykje att å rotere med. Etter at ho blei brent på bålet på Place du Vieux Marché, midt i sentrum av dagens Rouen, kasta dei restene av ho i La Seine (Seinen), som renn like ved. Då seier soga at hjartet hennar var like heilt... Eg nektar fortsatt å tru at eit slikt hjarte ville innlate seg med ein kar som Le Pen.
Muséet var absolutt bra det òg, med mange fine illustrasjonar over livet hennar.
Heimreisa sundag ettermiddag blei forresten litt smådramatisk. Toget var ein del forseinka, og somla i veg. Ikkje så langt før Caen kom det plutseleg eit smell, toget krenga litt og vindusruta ved sida av meg tok til å knitre. Ikkje lenge etter stoppa toget. I den grad me får med oss det som då blir sagt over høgtalarar, forstod me det slik at toget hadde køyrt på eit villsvin, og ikkje kunne gå vidare. Knitringa fortsette i vindusruta, og det var berre mitt glas som var slik! Det hadde nok vore steinsprut (beinsprut) e.l..
Etter ein halvtime trilla toget forsiktig inn til ein stasjon like ved, og ein dryg halvtime seinare kom nytt tog og henta oss.
Alle var enige om at det hadde vore ein fin tur. Slutt. (stil 6. klasse).

torsdag 20. november 2008

November her og der...

På veg til skulen i dag møtte eg både traktor og "lauvsugar". Dei samla lauvet i store haugar, før bortkøyring. Morosamt å tenkje på, med ekstremvervarsel heime, og truleg kolonnekøyring over Haukeli osb. Om ikkje dei har store utgifter til snorydding her, så satsar dei desto meir på å pynte opp med blomar. Nyleg skifta dei ut alt av blomar i store bed i byen, samt slike må "oppheng", som det er fullt av i byen.
Veret skiftar, crèche (duskregn), den eine dagen (eller rettare sagt timen), og strålande sol den neste. Trur nok det var 15 grader i skuggen i går! Ikkje problem å sitje ute på uterestaurant då:)
Har tatt med ei påminning frå Rauland, då eg var heime, 1. november. Det er jo fint, men...

Besøk av Elin!










Mor og dotter i Rosariet.
Teppet i Bayeux, med detaljerte skildringar av slaget i Hastings i 1066. Teppet er 70 m langt, 50 cm høgt.



le beaujolais nouveau

3. torsdag i november. Som de har forstått frå tidlegare innlegg, er franskmenn bevisst på dagar - alt til sitt bruk.
Dagen i dag er til for å feire den nye vin, symbolisert ved
le beaujolais noveau, eller uppskokja på godt norsk.
Me fekk invitasjon til å møte på OFNEC, som studiestaden vår heiter, for å dele årets nye vin med medstudentar og lærarar. Jorunn ser ut til å hyggje seg i lag med nokre av dei andre ungdommane; f.v. Anna Katharina, Linda og Elisabeth.


Kirsten (t.h.) prøver å smiske seg innpå lærarane. Neida - det var vel me som fekk i gang ein interessant diskusjon om om ikkje det går an å få Ragnar Hovland til oss til veka. Han skal nemleg hit i samband med nordisk kulturveke i Caen.
Frå venstre: Helge. Armelle, Marie Laure og Gaëlle 0g Kirsten.

Lenge sidan sist!

Eg har ikkje gløymt bort bloggen min (eller lesarane), det berre kan sjå slik ut. Det har seg slik at livet her er minst like travelt som heime. Eg var jo heime ei dryg veke på haustferie i slutten av oktober, men det var jo minst like travelt som å vera her. Så slik er det berre med den saken.
Heime fekk eg med meg 20 års-jubileum for flyktningar i Vinje, Amnesty-pris til Vinje for flyktningearbeidet (som eg har ein liten finger med i, om eg så skal seie det sjølv), Oslotur med bl.a. treff med gode vener og bursdagsfeiring av meg i lag med dei to eldste "ungane" mine + kjærasten til Kristin, Lars, og kusine Sol. Vel heime var det styremøte i Vest-Telemark blad, gruppemøte i SV, avdelingsmøte på vaksenopplæringa, kommunestyremøte med vedtak om nytt flyktningemottak (med meg på benken), personalfest og litt familietreff før eg vendte nesa mot Frankrike att. Rakk å konstatere at nokre av blomane mine hadde daua (som forventa), men både gubben, bikkja og kattane såg ut til å vera like heile. Ikkje var det blitt kattungar heller.
Skulle møte yngstedotter Elin i Paris for å dra i lag til Caen måndag kveld etter ferien. Så enkelt var det ikkje. Flyet mitt var forsinka, ho fekk bombetrussel på toget inn til Paris, toget mitt gjekk berre halvvegs pga ei ulukke, og me hadde visse problem med å finne kvarandre på avtalt stad. Det var difor ei natt på hotell i Paris, før me neste dag endeleg kom oss til Caen, der Kirsten venta med deileg fransk terte.
Fekk vist fram litt av Caen til Elin i løpet av veka, bl.a. innom kantina på Universitet som er noko for seg sjølv. Elles var me ein tur til Bayeux og fekk sjå det berømte teppet som viser slaget ved Hastings. Imponerande. Me leita etter eit museum om Charles de Gaulle, som visstnok skal vera i Bayeux, men fann det ikkje. (Elin hadde nemleg vore med på forelesning som bl.a. dreidde seg om han). Me åt galette (pannekake med diverse fyll; Elin hadde skinke, ost og speilegg(!) på si, medan eg hadde skogsoppsaus. Eg må no berre seie at bacon og blåbærsyltetøy er betre).
Så reiste Elin og me var i full gang att med undervisning att, blant anna ein devoir i grammatikk, som me fekk godkjent på, sjølv om ein kjenner sine svake sider.
Nye fag dette semesteret er didactique (didaktikk, ja), med Francine, som er minst like engasjert og ivrig i dette som ho var når det galdt fonetikken (som eg altså bestod, om ikkje det er sagt). Kunnskapsløftet, Læringsplakaten, Språk opnar dører, Språkperm, Europeisk rammeverk osb. er visst noko av det mest fantastiske som har hendt i norsk skule, skal ein tru Francine, i den grad ein greier å hengje med. Ikkje misforstå, det er moro (og eit privilegium) å ha så dyktige og engasjerte foredragshaldarar! I dette faget skal me skrive ei oppgåve på 10 - 12 sider (på fransk), om franskundervisning på ungdomstrinnet, forankra i dei ovannemnde dokumenta. Tips takast i mot med takk!
Engasjert er også Armelle, som me no har i Civilisation (samfunnsfag). Me har hatt eit par veker med politikk, diverse presidentar og parti. I går og i dag har alle hatt exposé (framlegging) av kvart sitt tema. Eg hadde om la Gauche (venstresida) i fransk politikk. Eg går ut frå at også de heime i Noreg har fått med dykk at det er store ting på gang for tida i le partie Socialiste. Dei har hatt bikkje- og katteslagsmål i lengre tid om kven som skal bli ny leiar i partiet. Etter at ordføraren i Paris (Bertrand Delanoël) trakk sitt kandidatur, står det mellom den litt ukjende, men kan hende til ein viss grad samlande Benoît Hamon, "elefanten" Martine Aubrey (ordførar i Lille) og "gasella" Segolène Royal. Karakteristikkane er Armelle sine, altså, men så engasjert som ho er, trur eg nok ho veit kva ho snakkar om.
I dag er det ein avgjerande dag i denne kampen; alle medlemmar av partiet kan delta i valet, som blir halde rundt om i kommunane. Dersom opptellinga ikkje gir ein av kandidatane over 50 %, noko som er lite sannsynleg, blir det ny valomgang mellom dei to med flest røyster! Går det som Armelle spår, blir det splitting av partiet om begge kvinnene vinn. Mykje som står på spel altså, i tillegg til at den som vinn, truleg blir den neste presidentkandidaten ved neste presidentval. Så fylg med, fylg med!
I tillegg er det mange streikar for tida, ikkje alltid like lett å få med seg kven og kvifor, men blant anna er lærarane i småskulane i streik, og mange foreldre er fortvila pga mangel på barnepass. Her startar jo mange ungar på skulen (école maternelle) alt som 3-åringar. Den er ikkje obligatorisk, men gratis, så det er sjølvsagt populært.
Valet av Obama i USA har òg fått stor merksemd her, og karikaturteiknarar har gode dagar når det gjeld å skildre alt som skjer. Sarkozy får stor plass også i den delen av media. I det heile tatt er det mykje god og inspirerande litteratur å få tak i her, med eit utruleg utval av aviser, men òg litt meir grundige magasin. Franskmenn er eit lesande folk, noko me til fulle får kjenne når me har Marie Laure i litterature. Engasjert så det suser ho òg, truleg ikkje stort over 1.50 høg og klagar stadig over at ho er for lita til å rekkje opp på tavla for å skrive meir for oss! I dag hadde me 3 timars forelesning om XVII siècle, der ho ved hjelp av både innpust og utpust kom gjennom både barokken, renessansen, Solkongen Ludvig 14 (Louis katorze) og hans hoff i Versailles, skildra gjennom Jean de la Fontaine sine fablar. Me rakk å gå gjennom både Le Corbeau et le Renard (Ravnen og reven), La Cigale et la Fourni (Sikaden og mauren) og La Cour du lion (løvens hoff = Solkongen). Alt dette kom me gjennom, sjølv om me slutta av eit kvarter før tida, av grunnar som skal få eit eiga innlegg.

tirsdag 11. november 2008

La grande guerre mondiale

tok slutt i dag, for 90 år sidan. Offisiell fridag i Frankrike, for å markere freden, armistice, på det ein trudde skulle bli den store verdskrigen.
Det er visst ikkje så mange dagane sidan den siste veteranen frå 1. verdskrig gjekk bort, og det blir diskutert om ein no skal trappe ned på denne markeringa (i Tyskland har dei slutta), men dagen i dag blei i alle høve solid markert. Kransar blei lagt på diverse minnesmerke rundt om i landet. Vår alles kjære Nicolas Sarkozy starta dagen på Champs Elysée i morgontimane, før ferda gjekk til traktane rundt Verdun, der den store krigskyrkjegarden er. Klokka 11 var det stor TV-overføring frå markeringa der, med både prins Charles og hans Camilla, dronninga i Luxembourg (trur eg) og andre prominte gjester, deriblant også fru president, songfuglen Carla Bruni, som liknar til forveksling på Meredith i Grey's Anatomy.
Kirsten og eg fylgde med på overføringa med store auge, croissant og te. Eg hadde vore ute og sikra med dagens utgåve av Ouest France (biletet). Så fylgde ei leseøkt (stor grammatikkprøve i morgo, eller i dag, er det visst), rusletur til Memorial-museet, for å sjå om det var noko markering der. Det var det ikkje, men uhorvelege mengder med diverse litteratur osv. frå båe dei store krigane, samt mykje anna. Der går det fort ein time. Så måtte me jo ha ein kaffekopp før me tusla heim til ny leseøkt.
I kveld var det ny, stor film, med mykje dokumentarklipp og faktainformasjon:
- Nær 10 millionar døde under 1. VK, av dei nær 1,5 millionar franskmenn, 1 million engelskmenn.
- 3 millionar skadde.
- 4 millionar enkar, av dei 700000 i Frankrike.

Det var faktisk ei fin tale han heldt Sarkozy, der han mellom anna sa: La France n'oubliera jamais (Frankrike gløymer aldri), og til slutt: ils sont les pères des tous (dei var fedrane til alle).

Til våren er det 65 år sidan D-dagen...

11.11.1918, klokka 11


To skuleborn var med Sarkozy for å leggje ned blomar på to graver i Verdun. Legg merkje til dei blå kornblomane dei har på jakka. Dei engelske deltakarane hadde raude valmueblomar - symbol på freden.