3. torsdag i november. Som de har forstått frå tidlegare innlegg, er franskmenn bevisst på dagar - alt til sitt bruk.Dagen i dag er til for å feire den nye vin, symbolisert ved
le beaujolais noveau, eller uppskokja på godt norsk.
Me fekk invitasjon til å møte på OFNEC, som studiestaden vår heiter, for å dele årets nye vin med
medstudentar og lærarar. Jorunn ser ut til å hyggje seg i lag med nokre av dei andre ungdommane; f.v. Anna Katharina, Linda og Elisabeth.Kirsten (t.h.) prøver å smiske seg innpå lærarane. Neida - det var vel me som fekk i gang ein interessant diskusjon om om ikkje det går an å få Ragnar Hovland til oss til veka. Han skal nemleg hit i samband med nordisk kulturveke i Caen.
Frå venstre: Helge. Armelle, Marie Laure og Gaëlle 0g Kirsten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar