Eg har ikkje gløymt bort bloggen min (eller lesarane), det berre kan sjå slik ut. Det har seg slik at livet her er minst like travelt som heime. Eg var jo heime ei dryg veke på haustferie i slutten av oktober, men det var jo minst like travelt som å vera her. Så slik er det berre med den saken.
Heime fekk eg med meg 20 års-jubileum for flyktningar i Vinje, Amnesty-pris til Vinje for flyktningearbeidet (som eg har ein liten finger med i, om eg så skal seie det sjølv), Oslotur med bl.a. treff med gode vener og bursdagsfeiring av meg i lag med dei to eldste "ungane" mine + kjærasten til Kristin, Lars, og kusine Sol. Vel heime var det styremøte i Vest-Telemark blad, gruppemøte i SV, avdelingsmøte på vaksenopplæringa, kommunestyremøte med vedtak om nytt flyktningemottak (med meg på benken), personalfest og litt familietreff før eg vendte nesa mot Frankrike att. Rakk å konstatere at nokre av blomane mine hadde daua (som forventa), men både gubben, bikkja og kattane såg ut til å vera like heile. Ikkje var det blitt kattungar heller.
Skulle møte yngstedotter Elin i Paris for å dra i lag til Caen måndag kveld etter ferien. Så enkelt var det ikkje. Flyet mitt var forsinka, ho fekk bombetrussel på toget inn til Paris, toget mitt gjekk berre halvvegs pga ei ulukke, og me hadde visse problem med å finne kvarandre på avtalt stad. Det var difor ei natt på hotell i Paris, før me neste dag endeleg kom oss til Caen, der Kirsten venta med deileg fransk terte.
Fekk vist fram litt av Caen til Elin i løpet av veka, bl.a. innom kantina på Universitet som er noko for seg sjølv. Elles var me ein tur til Bayeux og fekk sjå det berømte teppet som viser slaget ved Hastings. Imponerande. Me leita etter eit museum om Charles de Gaulle, som visstnok skal vera i Bayeux, men fann det ikkje. (Elin hadde nemleg vore med på forelesning som bl.a. dreidde seg om han). Me åt galette (pannekake med diverse fyll; Elin hadde skinke, ost og speilegg(!) på si, medan eg hadde skogsoppsaus. Eg må no berre seie at bacon og blåbærsyltetøy er betre).
Så reiste Elin og me var i full gang att med undervisning att, blant anna ein devoir i grammatikk, som me fekk godkjent på, sjølv om ein kjenner sine svake sider.
Nye fag dette semesteret er didactique (didaktikk, ja), med Francine, som er minst like engasjert og ivrig i dette som ho var når det galdt fonetikken (som eg altså bestod, om ikkje det er sagt). Kunnskapsløftet, Læringsplakaten, Språk opnar dører, Språkperm, Europeisk rammeverk osb. er visst noko av det mest fantastiske som har hendt i norsk skule, skal ein tru Francine, i den grad ein greier å hengje med. Ikkje misforstå, det er moro (og eit privilegium) å ha så dyktige og engasjerte foredragshaldarar! I dette faget skal me skrive ei oppgåve på 10 - 12 sider (på fransk), om franskundervisning på ungdomstrinnet, forankra i dei ovannemnde dokumenta. Tips takast i mot med takk!
Engasjert er også Armelle, som me no har i Civilisation (samfunnsfag). Me har hatt eit par veker med politikk, diverse presidentar og parti. I går og i dag har alle hatt exposé (framlegging) av kvart sitt tema. Eg hadde om la Gauche (venstresida) i fransk politikk. Eg går ut frå at også de heime i Noreg har fått med dykk at det er store ting på gang for tida i le partie Socialiste. Dei har hatt bikkje- og katteslagsmål i lengre tid om kven som skal bli ny leiar i partiet. Etter at ordføraren i Paris (Bertrand Delanoël) trakk sitt kandidatur, står det mellom den litt ukjende, men kan hende til ein viss grad samlande Benoît Hamon, "elefanten" Martine Aubrey (ordførar i Lille) og "gasella" Segolène Royal. Karakteristikkane er Armelle sine, altså, men så engasjert som ho er, trur eg nok ho veit kva ho snakkar om.
I dag er det ein avgjerande dag i denne kampen; alle medlemmar av partiet kan delta i valet, som blir halde rundt om i kommunane. Dersom opptellinga ikkje gir ein av kandidatane over 50 %, noko som er lite sannsynleg, blir det ny valomgang mellom dei to med flest røyster! Går det som Armelle spår, blir det splitting av partiet om begge kvinnene vinn. Mykje som står på spel altså, i tillegg til at den som vinn, truleg blir den neste presidentkandidaten ved neste presidentval. Så fylg med, fylg med!
I tillegg er det mange streikar for tida, ikkje alltid like lett å få med seg kven og kvifor, men blant anna er lærarane i småskulane i streik, og mange foreldre er fortvila pga mangel på barnepass. Her startar jo mange ungar på skulen (école maternelle) alt som 3-åringar. Den er ikkje obligatorisk, men gratis, så det er sjølvsagt populært.
Valet av Obama i USA har òg fått stor merksemd her, og karikaturteiknarar har gode dagar når det gjeld å skildre alt som skjer. Sarkozy får stor plass også i den delen av media. I det heile tatt er det mykje god og inspirerande litteratur å få tak i her, med eit utruleg utval av aviser, men òg litt meir grundige magasin. Franskmenn er eit lesande folk, noko me til fulle får kjenne når me har Marie Laure i litterature. Engasjert så det suser ho òg, truleg ikkje stort over 1.50 høg og klagar stadig over at ho er for lita til å rekkje opp på tavla for å skrive meir for oss! I dag hadde me 3 timars forelesning om XVII siècle, der ho ved hjelp av både innpust og utpust kom gjennom både barokken, renessansen, Solkongen Ludvig 14 (Louis katorze) og hans hoff i Versailles, skildra gjennom Jean de la Fontaine sine fablar. Me rakk å gå gjennom både Le Corbeau et le Renard (Ravnen og reven), La Cigale et la Fourni (Sikaden og mauren) og La Cour du lion (løvens hoff = Solkongen). Alt dette kom me gjennom, sjølv om me slutta av eit kvarter før tida, av grunnar som skal få eit eiga innlegg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar