fredag 28. november 2008

Tur til Rouen


Før eg reiste heim på haustferie, avtalte Kirsten og eg at me måtte sjå til å koma oss meir ut i verda etter kvart. Det går den vegen høna sparkar, anten me sit inne og les heile helgane eller ei.
Laurdag 15. nov. stod me tidleg opp for å ta toget til Rouen. Spanande nok, berre det, med tanke på at det hadde vore mykje streikar på toga i det siste. Me blei sitjande og vente eit par timar, men det var heilt sjølvforskyldt. Me hadde glømt å sjekke dagane godt nok, så det var sundagstoget me hadde sikta oss inn på. Ja, ja, me kom oss etter kvar av garde. Etter om lag 11/2 time på toget var me i hjartet av Rouen, og traska i veg i retning av hotellet. Skal ikkje seie så mykje meir enn at har du ikkje vore der, så bør du reise dit. Skal leggje ut nokre bilete (det tek uendeleg lang tid), men det er ein utruleg flott by dersom du likar gamle bindingsverkshus, trange smug, gamle kyrkjer (skal tru kor mange kvadratmeter kyrkjeplass kvar innbyggjar har der?), trivelege små restaurantar, museum osv. Og utruleg flotte blomearrangement over alt. Og trivelege folk. Som t.d. på den bitte, vesle kafeen med hadde fått tips om frå medstudent Linda. Trur det var 4 bord der, og ei litt eldre dame og ein mann som dreiv staden. Me fekk verdas beste pastarett, som ho hadde laga sjølv, og etterpå berre måtte me smake på ei veldig god eplekake (som ho hadde laga sjølv) osv. Vin i rause glas. Så der gjekk det jo eit par timar...
Me hadde tenkt oss på Musée National de l'Éducation (skulehistorie tilbake til 1500talet), men det var diverre under oppussing. I staden rusla me vidare, fekk med oss ei kyrkje til og ramla plutseleg borti ei kunstutstilling i ei anna kyrkje (ei lita ei, bak den stooore katedralen). Der fann Kirsten seg eit lite kunstverk og eg eit par små. Me ramla også bort i minnesmerke over Gange-Rolv og Harald Blåtann.
Sundag føremiddag hadde me sett av til ei gamal venninne av oss, Jeanne d'Arc. Tja, eg veit forresten ikkje kor god venninne ho er av oss likevel, for me blei fortalt i samfunnsfagundervisninga, at leiaren av Front National (l'extrême droit), høgreekstremisten Jean Marie Le Pen, og hans tilhengarar, har trykt Jeanne d'Arc til sitt bryst og feirar henne kvart år 1. mai (det var jo også ein dag). Eg veit ikkje om ho ligg og roterar rundt i si grav på grunn av det resten av året, reint bortsett frå at det er ikkje så mykje att å rotere med. Etter at ho blei brent på bålet på Place du Vieux Marché, midt i sentrum av dagens Rouen, kasta dei restene av ho i La Seine (Seinen), som renn like ved. Då seier soga at hjartet hennar var like heilt... Eg nektar fortsatt å tru at eit slikt hjarte ville innlate seg med ein kar som Le Pen.
Muséet var absolutt bra det òg, med mange fine illustrasjonar over livet hennar.
Heimreisa sundag ettermiddag blei forresten litt smådramatisk. Toget var ein del forseinka, og somla i veg. Ikkje så langt før Caen kom det plutseleg eit smell, toget krenga litt og vindusruta ved sida av meg tok til å knitre. Ikkje lenge etter stoppa toget. I den grad me får med oss det som då blir sagt over høgtalarar, forstod me det slik at toget hadde køyrt på eit villsvin, og ikkje kunne gå vidare. Knitringa fortsette i vindusruta, og det var berre mitt glas som var slik! Det hadde nok vore steinsprut (beinsprut) e.l..
Etter ein halvtime trilla toget forsiktig inn til ein stasjon like ved, og ein dryg halvtime seinare kom nytt tog og henta oss.
Alle var enige om at det hadde vore ein fin tur. Slutt. (stil 6. klasse).

Ingen kommentarer: