fredag 19. juni 2009

Siste kveld i Caen



I går kveld kom Svein syklist fram til Caen. Nokre forviklingar, men det meste har gått greit. Detaljar, som t.d. natta i Antwerpen, trur eg lesarane får ta opp med han sjølv. Kristin og eg møtte han med norske flagg og hurrarop litt utanfor Caen, så han hadde los inn siste biten. Siste dagsetappe blei på omlag 20 mil!!! Det er berre å ta av seg sykkelhjelmen for den prestasjonen. Men det viser nok at ein gong at det er utrulg kva ein kan greie når det er noko godt som ventar ein...
I dag har me hatt ein etter måten roleg dag - litt av kvart å rydde ut/sortere/kaste etter 3/4 år i Frankerriket. I morgo kl. halv tolv kjem inspeksjonen; Kirsten fekk påpakning for både det eine og det andre. Pytt sann, seier eg, det er berre eit utslag av ein viss mentalitet som rår her nede: kan du dukke andre, så gjer det! Så eg er klar til at "angrep er beste forsvar". "Drit og dra" er eit uttrykk eg har brukt atskillig fleire gonger her enn eg gjer heime; eg let meg ikkje plukke på nasen.
No har både Kirsten og eg fått bevist at me har vore dugelege studentar her nede. Kjem heim med flotte eksamensbevis båe to, noko me slett ikkje har hatt stor tru på undervegs. Men formen blei prikka inn utruleg godt til siste innsats.
Tysdag kveld blei siste avskjed med "gjengen" for min del. Kirsten, Eivind, Linda, Karis og Francine slo fylgje med Kristin og meg på ein baskisk restaurant om kvelden. Veldig triveleg og samtidig litt vemodig, slik det jo alltid er i slike situasjoner.
Heimturen går via Moseldalen, kan hende ein svipptur til Bayern til Sveins kusine Margit, før me vender heim. Der ventar ein Peugeot som fekk full stans i Oslo då eldsteson Jostein skulle køyre heim flyttelass derifrå. Ikkje mykje tess når han eigentleg skal køyre frå Rauland til Seljord for å jobbe på lensmannskontoret, samt skysse veslebror Aslak til jobb på Miljøheimen i Åmot. Er det nokon som har ein bil til overs???
Om eit par veker til får me besøk av Kirsten + mor Magnhild + Marie-Cécile, Monique og Martine frå Frankrike heime i Rauland. Det skal bli moro å vise dei litt av det me har å by på etter alt dei har gjort for oss her nede!
Som f.eks. sist måndag då me hadde lunsj på Casino i Ouistreham (det var så vidt eg kom inn, for eg hadde berre norsk bankkort som legitimasjon - det ville dei ikkje godta i fyrste omgang, men etter ein telefon med høgare maktar, gjekk det òg). Etterpå var me heim til garden av Marie-Cécile, der broren brente Calvados, for så å dra tilbake til kysten og sjå på solnedgangen...
Det er slike ting eg vil sakne.
Siste kveld tok me på tapisseriet i Bayeux; det var noko Svein og Kristin berre måtte få med seg. Etter ein rusletur i gamle Bayeux, med spor frå romertid og middelalder, endte me opp i den storslagne katedralen, der vår eminente guide frå fleire ekskursjonar dette året; historielærar og organist Francois Neveux heldt konsert i katedralen. Etter ein Choral av Bach fann me ut at orgelpipene neppe kunne yte særleg meir enn det, så me gav oss med øyro fulle av orgelbrus, ein magnifique avslutning på året her...

søndag 14. juni 2009

Ferdig! Fini!

Så er me altså heilt ferdige, både på det eine og det andre viset. Korleis det har gått er me enno lukkelege uvitande om - rykta sa at me skulle kunne sjå resultata på "studentweb" (Universitetet i Oslo sine sider) på fredag, men det er visst kø på det systemet, ikkje berre me som har tatt eksamenar.
Same kan det vera, seier eg. Reknar med at eg har bestått, og til den bruken det ser ut til at eg skal ha, er det ikkje mange som kjem til å bry seg om dei resultata. Ser dessverre ikkje ut til at eg får undervise i fransk til neste år. Så dei tankane er eg også ferdig med. No er hovudfokus på å nyte dei få dagane som er att!
Fekk besøk av eldstedotter Kristin og sambuar Lars onsdag kveld, torsdagen brukte me til å rusle rundt i byen og så var eg på avslutningsfest om kvelden. Triveleg kveld, sjølv om det var berre såvidt eg rakk festen. Då me skulle heim frå byen, gjekk ikkje bussen - pga demonstrasjon! Nok ein gong!. Burde jo forstått det, for då eg skulle vise Kristin og Lars rådhuset (Hotel de Ville), så var det omtrent like mange tungt bevæpna politifolk i området som då Obama og Sarko var her. Etter ein rask halvtimes ekstra marsj, dusj og skift hadde eg tenkt å ta sykkelen til festen - flatt dekk! Heldigvis hadde eg bilen, og heldigvis hadde eg ikkje hatt noko vorspiel!
Fredag drog Kristin, Lars og eg til Mont St. Michel, som fortsatt er ein flott stad, men litt vel turistifisert, spør du meg. Etterpå drog me til St. Malo og tok med oss kystlina på veg dit - det var flott tur! Spiste god mat innanfor gamle bymuren og var heime like før midnatt.
Laurdag drog Kristin og Lars til Rouen, for å besøkje vertsfamilien hans frå den tida han gjekk på lycée der, medan eg tok bussen i lag med Kirsten og Eivind til Trouville og Deauville. Det var flotte stader! Topp sommerver, milelange strender, god mat, solbrent, soleksem og sliten heim seint på kveld.
Då var det godt å berre sløve heime åleine i dag frå morgonen av. Hadde tilbod om å bli med Kirsten og Elisabeth (læraren frå lycéet her) på fottur på La Manche, men orka ikkje stresse opp etter klokka. Tok meg heller ein sykkeltur ut til kysten på ettermiddagen; 5 mil var langt nok for meg. Tenk på Svein som syklar 10 - 15 mil kvar dag! Men det går bra!
I går overnatta han i Nederland, nær grensa til Belgia. I natt er han litt nordvest for Brüssel, og i morgo kan han koma seg inn i Frankrike, truleg nær Lille. Då er det ikkje mange dagane att!
Kristin, Kirsten og eg skal på biltur att i morgo (Lars reiser heim), til Cabourg i lag med dei 3 franske damene som skal beøkje oss heime om nokre veker. Etterpå skal me til garden til Marie-Cécile sin famile og sjå på brenning av Calvados. Spørst om eg må kjøpe med meg ei flaske att?!

tirsdag 9. juni 2009

Sveins "Tour de France"


Ja, no er han i gang! Noko av det fyrste Svein sa då eg lanserte idéen om eit år i Frankrike, var: -Då kan eg sykle ned til deg på slutten av året.
Rapportane heimefrå i vinter går ut på at han har skjøtta treninga bra - han har jo ikkje hatt noko kjering der til å setje han i anna arbeid enn å lufte katt(ar) + bikkje, samt vatne nokre blomar, så han har hatt god tid til mange og lange skiturar. Deltok m.a. i Marcialonga i Italia med bra resultat (i lag med eldsteson Jostein). I tillegg har han vore flittig på spinning heile vinteren.
Etter påske begynte han med "sykle til jobben", som vil si 18 km kvar veg (pluss 300m høgdeforskjell) - eg hadde jo reist med den eine bilen til Frankrike, den andre hadde Jostein. I tillegg har han hatt nokre langturar i helgene.
Med stor velvilje frå kollegaer + skuleleiing, kunne han avslutte skuleåret alt 4. juni. Han har jo akkurat fått rett til "senilveke", så no er han altså i gang...
5. juni starta fyrste etappe: båten frå Kristiansand til Hirtshals. Der var det omlag 700 syklistar denne dagen! Det skarra og ølla rundt han, som han sa. Dei fleste var nok sørlendingar som skulle sykle til Skagen ein liten tur.
I går kryssa han grensa til Tyskland, idag håpar han å koma fram til Elbe, litt vest for Hamburg, så får me sjå og seier tvi, tvi vidare.
Eg blir her og ventar. I morgo er det munnleg eksamen. Etter den kjem Kristin (og Lars nokre dagar) og ventar i lag med meg. Då skal me endeleg få gjort noko anna enn å lese...
Biletet over er frå Marcialonga.

søndag 7. juni 2009

EU parlament


Her i Frankrike har media vore fulle av innslag om og reklame for EU-valet. Ein av aktørane har vore "vår" Eva Joly, kandidat for dei grøne i Frankrike. Så er ho altså ikkje vår likevel?
Okkesom. Trass i låg valdeltaking ser det ut til at ho no har fått seg ny jobb, i Strasbourg.
Typisk norsk å vera god - ikkje berre i Melodi Grand Prix! Oh la la!
Gratulerer!

Sykkeltur til D-dagsstrendene

Tenk, ferdig med alle skriftlege eksamenar! Historie gjekk slett ikkje så verst, det heller. Kunne velje mellom oppgåve om Napoléon I, 3. republikken eller 2. verdskrigen. Då blei det ”le petit” som styrte landet her for 200 år sidan; Napoléon.
Etter ei nøktern feiring etter eksamen med ein halvliter på stamkaféen Oxygène B på universitet, drog me til byen for å få litt fast føde óg. Då blei me mint på det som skulle skje denne helga, me som har levd i fortida i det siste. 50 politimotorsyklar + desto fleire politifolk var møtt fram på universitetsområdet i samband med den jernringen som elles har vore rundt byen dei siste dagane: Vår mann frå USA, mr. Obama himself skulle koma til byen! Med frue. Og Sarkozy. Med Frue.
På laurdagen sykla Kirsten og eg optimistisk i veg mot strendene, for å oppfylle vår del av stemnemøtet med avtalte rundt påsketider. Me var fyrst innom Pegasus Bridge, staden der engelske fallskjermsoldatar og glidefly landa natta til 6. juni i 1944 (meir om det på blogg frå oktober). Då kom akkurat det skotske sekkepipekompaniet marsjerande over brua, etter å ha deltatt på kransenedlegging på andre sida av brua.
Så sykla me vidare langs kanalen og kom akkurat fram til ei britisk minnehøgtid ved ferjeterminalen i Ouistreham (Vesterhamn i vikingtida). Staute veteranar, unge franske og britiske soldatar og tale ved same presten som deltok på eit minnesamvær i British Garden i går, ved Memorial (5 min. frå oss).
I gågata i Ouistreham har dei veldig god moulle, som blei dagens lunsj. Blåskjell i roquefortsaus er snadder! Der trefte me på ein gjeng svenske karar, som eigentleg var med på ishockeyturnering i Caen, men ishallen var ein del av det avsperra området, så då måtte turneringa utsetjast. Då fekk dei ei triveleg feiring av nasjonaldagen sin ved kysten i staden.
Deretter sykla me langs strendene, i retning Hermanville. Framleis ingen Obama å sjå… Plutseleg kom me rett opp i endå ei minnemarkering; nye britiske veteranar skulle leggje ned kransar ved nok eit monument. Me stoppa opp og høyrde på talene. Ordføraren i Hermanville trakk fram somme av veteranane og sa at dei hadde vore med på å redde sjøfolka på den norske båten ”Svenner”, som var blitt torpedert like utanfor der. Me snakka litt med han etterpå og han fortalde litt, m.a. at kapteinen hadde utført ordrenekt: Dei hadde klar melding om ikkje å stoppe opp dersom andre båtar kom i vanskar. Dei stoppa ikkje opp, men gjekk så sakte dei kunne, og redda på det viset over hundre nordmenn. Det var ei sterk oppleving å få snakke med han om denne hendinga, som me jo har høyrt ein del om.
Endå sterkare var det då det blei kunngjort at ein mann som hadde kome frå Australia, skulle ned til sjøkanten for å strø oska til far sin, som var død for ikkje så lenge sidan…Det hadde vore hans siste ynskje.
Då var me berre nokre hundre meter frå det norske monumentet ”le matelot”, matrosen, som var det eigentlege målet vårt for turen. Det blei avduka av kong Harald 7. juni i 2004.
Ein fin sykkeltur blei det, sjølv om både Obama og Sarko svikta oss. Dei drog heller med kjeringane sin til den amerikanske kyrkjegarden, som de sikkert har sett på TV heime òg.
Men jammen var det ikkje to av jentene i klassa som klarte å handhelse på Sarko, då dei skulle ete lunsj i Caen! Også Françine då – det var ho som greidde å få dei gjennom to tette politisperringar. Yes we Ca(e)n!
Dagen blei avrunda med god middag i byen om kvelden i lag med studiekamerat Eivind. Så kan Obama og Sarko berre ha det så godt. Fyrste fridagen på det eg kan hugse!

D-dagen, 65 år etter.











Diverse bilete frå sykkelturen til strendene, litt rotete, men blir aldri heilt klok på nedlasting av bilete til denne bloggen.

tirsdag 2. juni 2009

Så er me i gang,



det uunngåelege, når ein har vore så dum å melde seg opp i eit fag; l'examen. Det har jo hengt over oss i lang tid, dette spøkelset, som har gitt nattesvevnen atter nye utfordringar. Sist fredag braka det laus: Littérature - 4 heures. Så var det ikkje så farleg likevel, fekk akkurat det eg hadde håpa på: Diktet L'Albatros, av vår kjære lærar i litteratur, Marie-Laure, sin store kjærleik: Charles Baudelaire. Det har vel knapt gått ein time utan at ho har snakka om han, så nokon overrasking burde det ikkje vera, men likevel... Eg fekk no i alle fall krota ned nokre sider (på fransk) der eg laga ein generell kommentar over tekst, på same tid som eg skulle spørje meg om korleis Baudelaire såg på si diktargjerning... sånn cirka. Ja, ja, får no håpe at Marie-Laure blir rimeleg fornøgd. Så er neste spørsmål: når blir neste gong eg kjem til å få bruk for dette i mitt liv... Eg kan jo prøve å briljere med det i selskapslivet når eg kjem heim att til gamlelandet (om ca. 1 mnd:)!), men kjem ikkje akkurat på nokon som eg trur vil bli særleg imponerte.
Det same kan ein vel spørje seg om det me dreiv på med i 4 timar i dag. Då var det den største Skrekk og Gru sin dag: - "Examen - Grammaire - 4 heures". Når det gjeld den, har ikkje spøkelsa nøyd seg med å heimsøkje meg om natta, etter kvar grammatikk-time med same Marie-Laure dei siste vekene, har eg vore ein angrande syndar; kor dum går det an å bli som melder seg opp til slikt friviljug, samt kor dum går det an å bli som ikkje får det inn? Ingenting å utsetje på Marie-Laure. Ho har stått der med teskeia og prøvd å dytte inn, og spør: Ca va?"Ikkje lett å svare tilbake at jaudå, ca va.
Men så skjedde det altså; for å seie det på idrettsspråket: I dag løsna det! Formtoppen var der då eg trong det mest! Endå eg hadde ei mest svevnlaus natt bakom meg! Men kor mange store idrettsfolk har ikkje kjent det same - når du trur nederlaget står rett framom deg, så snur det! Etter å ha niskrive 6 sider og trur eg har svara på både det eine og det andre,(rett eller gale får tida vise), så sette eg punktum i same sekund som Marie-Laure sa at no var det slutt. Då berre måtte eg ha ein halvliter etterpå. Heldigvis blei Kirsten òg med på den.
Etterpå tok me alle dei omvegar me fann på tur heimatt, for å utsetje neste etappe litt: Innspurten fram mot historie på torsdag. Då er det minste Skrekk og Gru for meg, men eg er jo ikkje på langt nær gjennom pensum. Satsar på ca. 1800-talet + revolusjonen.

onsdag 13. mai 2009

Mai-glimt frå Normandie!




Skulle gjera eit intervju i samband med ei oppgåve, og ramla borti ein av dei mange demonstrasjonane. Her var det sjukehustilsette som demonstrerte foran eit administrasjonsbygg til Departementet (administrasjonen for Calvados), der eg hadde ei avtale. Bygget var blokkert, men eg slapp inn etter ein halvtime. Stort frammøte av politi: Eg blei vist til ei trapp der eg kunne gå til møtet mitt i 2. etasje. Døra til trappa var låst. Eg fekk ein i resepsjonen til å låse opp. Då eg opna døra, stod det va. 20 tungt bevæpna politifolk og venta i trappeganga. Eg kvakk til, men gjekk berre roleg opp trappa. Då hadde demonstrantane trengt seg inn i bygninga. Trur likevel ikkje det skjedde noko meir dramatisk. Litt kjipt å måtte gå til intervju-avtala...
Elles er Rosariet med stadig ny blomeprakt og andungar godt å ha når ein tek seg pauser frå lesinga... Og kaféen på Crèperiet, sjølv om dei av ein eller annan grunn ikkje sel kaffe når det er varmt? Nei, det er enno eit stykke att til sjølvråderetten er innført i dette landet.

Eit lite pusterom,



trur eg då, men aldri godt å vita.
Sidan sist har me gått i 1. mai-tog. Stort, flott tog med masse vaiande faner og musikk frå diverse bilar som fylgde toget. Blei sagt at det var rundt 5000 deltakarar, og det er vel ikkje verst for ein by på storleik med Bergen og Trondheim? God stemning og me gjekk og ropte eit eller anna om "contre Sarkozy" Ikkje det at me har merka noko til at det har hjelpt enno, for livet går no sin skeive gang på Universitet, i alle fall. Ikkje for oss heldigvis, men det er visst mange andre fag som ikkje får gå opp til eksamen pga for stort fråver. Der har det vore opp til fleire demonstrasjonar med bruk av tåregass, men det har ikkje eg fått med meg. Men nokre medstudentar kom midt oppi det, og opplevde det litt dramatisk.
Nei, her hos oss i Avenue Maréchal Montgomery ruslar livet traust vidare. Heldigvis har me våre franske vener som dreg oss ut litt av og til.
2. mai var me med Elisabeth til heimbyen Le Havre, og var invitert på dessert hos foreldra hennar (med champagne attåt). I alle reisehandbøker står det at Le Havre er ein stygg og trist by, så den må ein berre koma seg fortast mogleg gjennom, eller kan hende helst utanom. Det var korkje Kirsten eller eg einige i. Byen var jo totalt rasert etter krigen og blei bygd opp på ein rask og effektiv måte (som mange kallar austblokk-stil, men då har ikkje dei vore i Aust-Europa før 1989...). No er byen på verdsarvlista pga. denne særprega arkitekturen.
Elles er det jo atskilleg meir moro å vera slike steder når ein er med folk som kan mykje og er stolte av heimstaden sin! Me tok også turen til Étretat, for å sjå dei kjende snabelforma klippene der, men den gang ei. Skodda låg så tjukk som me aldri har sett ho heile året her. Typisk! Flott dag likevel, der me fekk snakka fransk så det stod etter.
Måndagen etter drog resten av klassa på heildagstur til Rouen og Giverny, men eg meldte pass; hadde ei historieoppgåve eg heller prioriterte.
Denne veka var me på middag hos Monique på måndag, ei av venninnene til Marie- Cécile, som kjem til Noreg til sommaren. Veldig triveleg, mykje god mat og drikke, men akk, så seint for ein som skulle ha Marie-Laure i grammatikk dagen derpå. Der er det drilling de-luxe for tida, og eg kjenner meg som ein idiot. Nei, det er nok også ein stil eg ikkje kjem til å adoptere i mi lærargjerning. Ho er nok flink som berre det, men blir eg "flink" av det? Det får gå som det går.
I dag hadde eg munnleg framføring om Algerie, litt kolonihistorie osv. Utruleg kva somme nasjonar har tillat seg å gjere ( og fortsatt gjer) mot andre folk! Så gjorde eg ferdig mi skriftlege avhandling om Baudelaire og analyse av diktet "Chant d'automne"... Det blir vel neppe innstilling korkje til kongen eller presidenten, men skitt på.
Og så held eg på med ei oppgåve, som skal liggje til grunn for munnleg eksamen: Der skal eg intervjue folk (og lese meg opp på)korleis flyktningar blir fylgd opp her i landet, språkopplæring m.m.. Det er jo litt for å samanlikne med det eg jobbar med heime.
Men no er det som sagt eit lite pusterom. Klassa skal til Loire-dalen eit par dagar, eller Lårdal som eg kallar det. Det er jo ikkje så langt heimefrå. Og så er det 17. mai, eller kanskje det blir Grand Prix-seier fyrst på den 16.? Eit er i alle fall sikkert, og det er at Gubben sjølv (min kjære Svein) fyller 60 på 16. mai! Ei aldri så lita feiring, både her og både der?!
Øvst ser de huset til Elisabeth, eit gamalt fiskarhus like ved Debarquement-strendene, samt døme på husa i Le Havre.

torsdag 30. april 2009

Vår i Frankrike

kan vera så mangt. Skal ikkje trøytte dei trofaste lesarane mine med fleire begeistra utsagn om kva som blømer no, men kan jo røpe at tulipanane er litt på hell... At bjørka står i full skrud på same tid som det så vidt er antydning til at noko snart skal skje i Rauland, er ei anna sak. Mest gledeleg er det at allergien ikkje har vore så plagsom her som heime.
For meg tyder våren at året i Frankrike no nærmar seg slutten. Og for ein slutt: Sidan påske har me hatt eit maratonløp i 400m-tempo, for å bruke eit bilete frå idretten. Ikkje nok med at med skal ha eksamen (det reknar ein jo med når ein melder seg på eit studium- ein rask oversikt seier meg at dette er den 8. våren eg held på med eksamen etter artium, men då har eg sikkert gløymt/fortrengt nokre), men så kjem alt anna i tillegg:
Skriftlege inneleveringsoppgåver i 4 fag + munnleg framføring i eit (då skal det liggje eit prosjekt med diverse intervju som grunnlag for dette; eg skal ta for meg undervisning av fransk for flyktningar i Frankrike og samanlikne med introduksjonsprogram for flyktningar i Noreg). Så er det 3 skriftlege eksamenar: grammatikk, historie og litteratur. Sist, men ikkje minst, er det munnleg eksamen, som er den største skrekken av alle.
Vår kjære lærar i dette faget manar fram Fanden på veggen i kvar time, fordi me gjer så utruleg mange dumme feil, som me berre MÅ forstå er heilt uakseptable på noverande tidspunkt i studiet. Det er april no, seier ho kvar gong, som om ikkje me veit det. Neste gong er det mai... Depresjonsspøkelset veks like fort som graset ute.
Det einaste gode med slike seansar, er at me blir meir bevisste på eigen lærarpraksis. Kirsten og eg innprentar kvarandre mest dagleg at frå no av skal me ALLTID berre gje elevane våre positive tilbakemeldingar... Time will show...
Innimellom alt dette har me masse eksursjonar for tida, noko som jo er kjempefint, og som verkeleg gjer at me kjenner oss priviligerte på dette studiet.

Eksursjonar





















Sist fredag var det til Paris; du snakkar om vårdag i Paris! Avreise frå skulen kl. seks om morgonen, retur kl. 12 midnatt. Innimellom hadde me fått med oss "La Conciergerie", som bl.a. blei brukt som fengsel under den franske revolusjon. Her såg me Marie Antoinette, som skreiv eit rørande brev til ungane sidan medan ho venta på sin tur i guillotinen. I dag er det ein stor hall der som viser historien rundt dei ulike verdsutstillingane som var i Paris på slutten av 1800-talet. Det meste av det som blei bygd opp i samband med desse, blei jo rive ned etterpå, men det finst ein del foto. Eiffeltårnet er eit hederleg unnatak. Tanken var jo å rive det òg. Kan nokon forestille seg kva Paris hadde vore i dag utan det? Såg forresten eit utruleg flott program om Eiffeltårnet og Gustaf Eiffel på TV i går kveld. Det berre må NRK vise!
Etterpå vandra me vidare til Notre Dame, som alltid er like imponerande. Me hadde med oss same guiden som me hadde på turen til Bayeux (organisten der), og han kan det meste om det meste. Etterpå var det matpause i parken på baksida av Notre Dame; ein idyll.
Så var det vandring tilbake til "La sainte Chapelle". Her var det kongelege palass, som var både politisk og religiøst maktsentrum frå det 1. - 14. århundre.
Alt dette er på Ile de la Cité, den største øya i Seinen. Glasmåleria i 2. etasje var imponerande!
Så var det tid for "frileik" fram til me skulle møtast på teater om kvelden for å sjå "Den skalla songerinna", som har gått på ein knøttliten, klaustrofobisk scene i latinerkvarteret i over 50 år! Absurd teater er absurd!
Fritida blei godt nytta i godt selskap. Gjekk over på den andre vesle øya i Seinen; Ile Saint Louis, der me fann triveleg bakgater, vasshol (var det nokon som drakk vatn, eigentleg?)og sanneleg dukka det opp eit og anna monument på vår ferd: Julirevolusjonen 1830 hadde fått eit monument på Place de la Bastille. Til saman gjekk eg 24434 steg denne dagen. Då var det godt å ha ein bil som venta då me kom tilbake.
Måndag var det ny tur: Denne gong til halvøya Cotentin, ca. halvannan times køyring frå Caen. Om veret var fint i Paris på fredagen, så var det tilsvarande dårleg denne dagen. Regnet spruta så me dessverre måtte avlyse fotturen langs klippekysten, så det får me ha til gode til ein annan gong. Då var det greitt å ha inneaktivitetar som visitt til muséet til målaren Jean François Millet og poeten Jacques Prévert, som slo seg ned i Omonville-la petite på sine eldre dagar. (Omonville tyder forresten Åsmund/Ommunds by – berre eit av dei mange namna i området som har tydeleg norrøn opprinnelse).
Dagens lunsj må vel òg seiast å vera ei oppleving; eit utsøkt måltid i ein liten landsby på ein tilsynelatande bortgjemt restaurant, som visstnok ligg an til ei stjerne i Michelin-guiden!
I dag: Ekskursjon til Musée du Mémorial, det store krigs- (eller freds- om du vil) muséet like ved der eg bur.
Måndag er det ny ekskursjon på gang: Til Rouen.
Som om ikkje dette skulle være nok så er Kirsten og eg invitert til Le Havre med Elisabeth, som me blei kjent med på den vidaregåande skulen i nærområdet vårt. Men dette får me koma tilbake til. I mellomtida skal det lesast (Colonel Chabert av H. Balzac) og skrivast oppgåve i historie + + .
I kveld er det forresten to gode filmar på TV, med utgangspunkt i 2. verdskrig (som jo er med i historiepensumet vårt): Fyrst ein film ( ”Le silence de la mer”) om ein fransk familie som har ein tysk soldat buande heime hos seg. Etterpå er det ein dokumentar: ”Les filles des ruines”, som handlar om kva ein del tyske kvinner opplevde då russiske soldater kom til Berlin våren -45.

Bileta over viser: Parken på baksida av Notre Dame, le théâtre de la Huchette og gatemusikantar på pont de Sully

torsdag 2. april 2009

Påskeferie

Endeleg er dagen her, som me har snakka om så lenge. Nedtellinga har halde på i opptil fleire veker. Kvar torsdag har eg spurt Kirsten: Kor er du torsdag om tre veker til/ to veker til osv. Etter ei runde i tenkeboksen, kjem det: då er me på tur heim att!
NO er tida her. Sit på toget til Paris og skranglar i veg. Har vore vaken sidan 04 (fekk ikkje sove meir), drosja kom halv seks, og toget gjekk 06.06. Då var Randi i trappa, på veg opp til toget, huff av meg. Heldigvis går det nytt tog alt kl. sju og tek ho drosje til flyplassen, bør det gå likevel.
Sjølv om me jo stort sett har det veldig bra her, skal det likevel bli utruleg godt å koma heim. Me har likevel prata litt om det – snoen. Både Kirsten og eg bur på på vintersportsstader i Noreg (Oppdal og Rauland), og er vanlegvis veldig glade i både vinteren og i å gå på ski. Men no…? Påskeliljene har jo vore framme ein månad her, Langs alle vegar og i hagane til folk vekslar det mellom grønt, rosa og gult. Japanske kirsebærtre, magnolia og kva det no måtte vera, er i full blomst. Men merkeleg nok, bjørka har ikkje kome enno. Har kjent litt til allergien, men det kjem vel for fullt etter påske.
Må nok berre innrømme at tanken på sno ikkje berre kjennest god no. Det viktigaste er jo likevel å treffe alle de kjente og kjære. Ekstra koseleg når ”ungane” stadig gir uttrykk for på facebook korleis dei gler seg til å koma heim.
Har med meg nokre franske magasin heim, men utover det skal eg ikkje vera student i det heile tatt. Det blir vel nok av anna å drive med, tenkjer eg. Blir vel stort sett ca. 10 i huset mesteparten av tida, med ungar + kjærastar + vesle Elias!
I dag er det Elin og eg som kjem heim (Svein hentar oss på Rjukan i ettermiddag). I morgo hentar han Aslak, Kristin + Lars og syster hans Kristine i Bø. Måndag kveld kjem Jostein og Elias. Og neste torsdag kjem Rasmus frå Danmark!
Litt rart blir det likevel å koma heim. Der manglar no Obelix som har vore sjefskatt heime nesten alle dei åra me har budd på Rauland. 17 år blei han.
Men Patch og Bonzo er der. Livets gang, det òg.

Barack Obama


Så er det endeleg avklara: Obama (Barack, altså), kjem på besøk til meg 6. juni. Det passar i grunnen greit. Først hadde han tenktå koma no, 4. april, men så fekk han høyre at då har jo eg reist heim til Rauland på påskeferie, så då ombestemte han seg. Derfor blei det berre London på han i denne omgang.
Nei, juni passar nok betre. 6.juni, som han har sagt han skal koma, er me akkurat ferdig med dei skriftlege eksamnane, og det er enno fleire dagar att til munnleg eksamen (og avslutningsfest), så då har eg litt betre tid til han. Så kjem Kristin og Lars like etter munnleg, og så kjem vel Svein syklande i løpet av måneden.
Når Obama kjem, skal me på strandtur. No ja, heilt aleine blir me visst ikkje. Denne dagen er det eit aldri så lite ”jubileum”, som eg for så vidt har vore klar over lenge; 65 år sidan D-dagen. Eg har jo akkurat skrive didaktikk-oppgåve, som tek utgangspunkt i denne delen av historia. Me var lova resultat av den i går, men det blir visst ikkje før etter påske. Ja, ja, eg reknar med at når det resultatet blir kjent, vil eg òg bli invitert blant dei prominente gjestene. Yes, we Caen, Obama og eg.

Kulturopplevingane står i kø. Innimellom er det så mange av dei at ein heilt gløymer å få dei med seg her på bloggen. Som til dømes at me var og såg ”Le Canard sauvage” på Caen Teater i mars ein gong. Kva er så det? Tja, dei som har vore i det store utland, som mellom anna Frankrike er, kan nok ha opplevd å få canard på menyen – ein av mine favorittar når det gjeld fugl. Sauvage (såvasj) er det same som savage (sævidsj) på engelsk. Altså: ”Villanden” av Henri Ibsen.

Nesten heile klassa pluss eit par lærarar fekk med seg denne hendinga. Det var absolutt ei bra oppsetting, som fekk fram tårene hos både den eine og den andre i siste akt – sjølv om ein veit utmerka godt korleis det skal ende. Einaste som skurra litt for meg, var at Gina Ekdal hadde knekort kjole…

Etterpå hadde me eit lite glas i teaterbaren, og der dukka skodespelarane òg opp etter kvart som dei var ferdige. Ein medstudent fann ut ho ville praktisere fransken sin, og berre måtte fortelje dei at ho hadde sett Villanden på Trøndelag Teater i fjor og at me var norske osv. Trur nok dei sette pris på å høyre at med var godt nøgde med forestillinga deira. Hedvig var verkeleg godt. Me var litt spente på om ho fekk kjøpe alkohol, for ho såg veldig ung ut på scena. Men ho var nok over atten. Verre var det at ho tok seg ein røyk…

Ekskursjonane står som før nemnt også i kø for tida. Sist måndag gjekk turen til Bayeux, som ligg berre eit kvarters togreise frå Caen. Nydeleg by, som i alle fall fysisk sett var uberørt av bombinga som nærmast utraderte Caen. Me blei tatt med på ei interessant byvandring med ein lokal historikar (og ven av Françine), som viste oss mykje meir enn katedralen og det kjente teppet som fortel historia om slaget ved Hastings. Byen har jo spor tilbake til romertida. At samme mann også er organist i katedralen, gjorde ikkje opplevinga mindre; tenk, han held tein liten konsert berre for oss. Etterpå fekk me vera med inn i møterommet til prestane, som elles ikkje er ope for publikum, og ein tur ned i krypten. Fint ver og god mat, sjølv om eg synest det er litt bortkasta å bruke to timar på å få i seg litt mat midt på dagen, når det er så mykje å sjå!

lørdag 21. mars 2009

Glimt frå Normandie

Matpause på tur til Camembert med Marie-Cécile (t.h.) i vinterferien.
Årets fyrste påskelilje, fotografert 28/2. 5 veker før påske. På Rauland kjem dei vel 5 veker etter påske...

Tilbake att

etter ein vel lang pause. Nok eit teikn på at tida flyg av stad her. Siste innlegg fekk nemleg ikkje med riktig alt som skjer her.
Dagen før hadde Kirsten og eg vore innom på eit lycée (vidaregåande skule) i nabolaget, som me går forbi til og frå skulen kvar dag. Der var det open skule, med tanke på evt. nye elevar som skal begynne til hausten. Kirsten var ute litt før meg, og var så vidt komne innanfor døra, før ho blei shanghaia av nokre lærarar. Då det kom fram at ho var engelsklærar, var det opp til fleire som ville ha kontakt, og då eg kom var det intens utveksling av mailadressar på gang.
Etterpå fekk me full omvisning på skulen av to lærarar. Dei viste stolt fram språklab'en med Tandberg-utstyr, og me kunne stolt fortelje at det var jo norsk. Kaffe vanka det òg på eit overfylt lærarrom, der alternativet var eit arbeidsrom med ei kopimaskin som dominerte. Då me så etter eit par timar var klare til å gå, stod me med ein middagsinvitasjon i handa! Elisabeth, som er avdelingsleiar for seconde, inviterte oss heim før vinterferien vår. Ho hadde vinterferie, men køyrde likevel dei ca 2 milene inn til Caen for å hente oss. Der møtte også Caroline (også lærar på skulen) og sonen hennar. Så køyrde me til ein idyllisk liten by ved kysten, der Elisabeth bur i eit idyllisk (men kaldt) lite hus. Litt etter dukka også la directrice (rektor) opp, og så blei det ein koseleg middag i typisk fransk stil: fyrst champagne, så litt småsnacks, en salat, middag med poteter (naboen hadde fortalt at nordmenn var så glade i poteter). Så var det ei runde med ost, før det blei avrunda med kake og kaffe. Då hadde det gått nokre timar.
Caroline køyrde oss heim, og me hadde nye avtaler om at me skulle delta i undervisning hos dei, og dei ville meir enn gjerne bistå med korrekturlesing til evt. oppgåver! Det har vore litt mailkontakt i det siste, og i går føremiddag stod Kirsten og eg på skulen og fortalde elevane om Noreg, på ei blanding av engelsk og fransk (det var ein engelsktime). Skikkeleg artig og engasjerte elevar. Plutseleg var det til og med ei som sa noko på norsk! Ho hadde vore 2 veker i Alta og ville gjerne tilbake til Noreg og lære meir norsk. I mai månad skulle elevane ut i utplassering i bedrifter, og då ville ho gjerne til Noreg! Så dersom nokon har tips, så er ho veldig interessert! Kjekk jente.
Til veka skal eg tilbake til skulen, for å intervjue 4 elevar i samband med mi neste TPE-oppgåve. Veka etter skal eg fortelje i klassa mi (10-15min) om kva franske ungdomar gjer i fritida si. I tillegg skal me skrive ca. 3 sider om prosjektet. I utgangspunktet stiller eg eit spørsmål om dei i det heile tatt har ei fritid, då dei er på skulen til klokka er |7 - 18 kvar dag! Rett nok har dei lang lunsjpause, men likevel...
Så har me ny avtale med Elisabeth: Ho har invitert oss med til Le Havre, der ho kjem frå, ein dag/helg etter påske! Sånn går det slag i slag. I går kveld var Kirsten, Randi og eg invitert heim til Marie-Cathrine og Fréderic, i lag med Marie-Cécile. Der var også Monique frå pinnekjøtkvelden i januar. Dei bur i ein idyllisk liten by litt utanfor Caen. Der tok me fyrst ei lita vandring i gatene og såg både på gamle hus og på alle blomane og trea som står i full blom for tida: japanske kirsebær- og epletre, magnolia, forsythia og kva det no er. For ikkje å snakke om påskeliljene! Det bugner av dei! Slo ut for fullt for to-tre veker sidan. (Men krokus har me ikkje sett.)
Etterpå var det inn til ny, stor middag: Aperetif + reker, nøtter og potetgull som forrett! Så salat, deretter svinefilet med ris og grønsaker, så ei runde med ostar og til slutt masse små kaker (miniutgåver av dei ein kan kjøpe til vanleg, hos bakaren). Slikt blir det oppvask ut av, men Fréderic berre drog på smilebandet og sa han rekna med å ha litt å drive med i dag! Han er nok ganske mykje yngre enn sambuaren (15-20 år), og kjem opprinneleg frå Réunion, ein av dei franske utpostane, nær Madagaskar. Koseleg kveld, sjølv om eg ikkje var heilt i form (feber og småkvalm). I kveld skal me kanskje treffe Monique på eit arrangement på Mémorial. Slik er det stadig vekk no; det eine dreg det andre med seg.
Som f.eks. for eit par veker sidan. Då hadde me mykje besøk frå gamlelandet her i samband med Kirsten sin 50-årsdag. Ho hadde kjentfolk frå Oppdal og eg hadde Svein med jaktkamerater + fruer. Fredagen var alle saman på busstur til invasjonsstrendene frå D-dagen i 1944. Kirsten og eg var særs dyktige guider, blei det sagt. Om kvelden var det triveleg fest på ein restaurant, men dagen etter drog "mine" folk og eg på biltur til Pay d'Auge. Der hadde me nemleg invitasjon til heimgården til Marie- Cécile for å sjå på epledyrking og ciderproduksjon (der Kirsten, Randi og eg var ei helg i desember). Jammen var det ikkje slik at den eine broren hennar dreiv med brenning av calvados denne dagen! Så fekk me også utsøkt innføring i korleis det blir gjort, etter ein 150 år gamal familietradisjon. Ikkje ulikt god, gamaldags heimebrenning med vedfyring, og avkjøling av dei edle dråpar på utsida av låven før dei kom inn att. Me fekk smaksprøver på heile vegen i produksjonen, på ulike årgangar. Alle endte opp med å kjøpe med seg heim den eldste årgangen + diverse anna. Inne diska Marie-Cécile opp med forskjellig snacks og salte kaker til apertifen. Så var det slater og ulike terter og saltylser før me gjekk ut og hadde omvisninga. Etterå var det inn att til søte kaker, kaffe og calvados. Me handla diverse fludium, før vi hadde ei lita gåveoverrekking: Ei halvflaske akevitt til kvar på Marie- Cécile og brørne Francois og Jean Paul. Då blei dei så begeistra at dei kom tilbake med 3 halvflasker calvados til, som gåver til oss. Det blir noko å ha for jaktlaget til hausten! Denne utflukten var nok eit høgdepunkt for "mine" folk.
Som om ikkje dette var nok, så har me vore ute og spist endå eit par kvelder til i lag med Marie-Cécile og venene hennar. Kirsten og eg seier det rett som det er; så utruleg heldige me er som har blitt kjent med henne! All den språktreninga me får, innsikt i dagliglivet til vanlege franskmenn. Somme av dei har hjept oss i samband med oppgåver. Men igjen er det Marie-Cécile som overgår alle. Då Kirsten og eg sleit oss mest i hel i "vinterferien" og veka etter med den store didaktikk-oppgåva vår (skulle vera på 10-12 sider), stilte ho opp og las korrektur og forklara feila våre. Det var ikkje nokon liten jobb!
Til sommaren kjem ho til Noreg i lag med Monique og ei til, som me ikkje har treft. Då skal dei fyrst til Kirsten på Sunndalsøra og deromkring, og så håpar eg dei kjem til oss òg. Då håpar eg me kan få ytt litt til gjengjeld for alt ho har gjort.
Svein har vore her i to omgongar; fyrst i vinterfeien heime og så på nytt i lag med dei andre. I vinterferien tok me oss nokre dagar i Paris og traska rundt, særleg i latinerkvarteret, der med budde. Var bl.a. på stor utstilling om Bonaparte i Egypt, middelaldermuseum og museum under Notre Dame-katedralen, der restane etter den fyrste busettinga i Paris er (romerane).
Elles er det høgsesong for ekskursjonar med skulen for tida. Var i Versailles for halvannan veke sidan. Det er jo alltid impressionnante, men kan hende ikkje den rette årstida, likevel. Marmorstatuene var innpakka mot frost, fontenene var ikkje i aktivitet og lite blomar. Men mykje folk og turistar, okkesom.
Sist torsdag hadde me ein ettermiddagstur med skulen til Honfleur, ein idyllisk liten by, med den stor Normandie-brua som fører over Seinen til Haute Normandie. Der var med på måleri-utstilling, blant anna med impressionisten Eugène Boudin, som kom derifrå. I tillegg var me på museéet til komponisten Eric Satie, før det blei litt byvandring, glo på kyrkjer, før me fann oss ein uterestaurant i sola ved den idylliske gamle havna.
Sånn går det slag i slag med det eine og det andre her. Innimellom har me ikkje så reint lite skulearbeid. Ei stor grammatikk-prøve hadde me for ikkje så lenge sidan, og sist onsdag var det ny litteraturprøve. Då kunne me velje om me skulle ta for oss Rhinocéros av Eugène Ionesco eller eit dikt av Victor Hugo: Demain, dès l'aube... Eg endte opp med Hugo. Som ein del av førebuingane til dette, såg Kirsten og eg Les Miserables fordelt på to kveldar. I det heile tatt ser me fortsatt mykje filmar på TV her. Er det ikkje noko på TV ein kveld, så har me eit lite lager med brukte DVD'ar som me har kjøpt inn.
Av og til tek med ein liten luftetur i Rosariet og fylgjer med på Våren. Den har vore her for fullt i to veker no, med berre sol og fint ver. Enkelte dagar har det vore opp i 15-16 grader! Sist sundag starta me sykkelsesongen att med ein fin tur til eit par lokale landsbyar i nærleiken. Så sånn går dagane. Då har det ikkje blitt så mykje tid til bloggskriving, men eg skal prøve å skjerpe meg!

søndag 1. februar 2009

Mange slags konkurransar.


Desse to bileta skulle eigentleg ha kome etter det neste innlegget, men av og tilgår det litt i ball og no er det seint på kvelden...
Her ser du ein ung belgisk advokat som fortel engasjert om ein av sine klientar; ein asylsøkjar utan papirer. Ikkje alltid like enkelt i møtet med representantar for myndighetane når du jobbar svart og blir avkrevd papirer... Karikaturteiknaren i lokalavisa deltok aktivt på konferansen i dag.




Det er akkurat blitt meg fortalt at Frankrike vann VM i herrehandball. Må vel berre innrømme at når Noreg er slått ut, er det over for meg.
Denne helga er det nemleg heilt andre konkurransar som har vore aktuelle her, som traff meg midt i hjartet: Le concours international de plaidoiries pour les droits de l'homme. Ein internasjonal konkurranse i (brennande) forsvarstale for menneskerettane, som det står omsett med i Kunnskapsforlagets store blå.
Tenk det! For 20. år på rad var Caen/Memorial (det store muséet om D-dagen, maks 5 minutt å gå frå meg) åstaden for denne konkurransen. På fredag var det elevar frå lycée (vidaregåande skular) frå heile Frankrike som deltok. Dessverre kolliderte dette med andre avtaler eg hadde i samband med ei oppgåve, så eg fekk ikkje vore der, men Kirsten fekk det med seg og var mektig imponert. Det var eit kunnskapsnivå og ei framføring som berre var heilt fantastisk. Så blei det til slutt ei jente frå Caen som stakk av med sigeren, akkurat som i fjor (ei anna jente, altså). Det må vera noko med lufta her - får håpe det smittar over på andre snille/flinke norske jenter òg? Det blei delt ut ulike prisar, mellom anna Amnesty-pris.
I dag var det advokatar frå heile verda som var i aksjon. Dei hadde verkeleg brennande innlegg, 11 stk i alt, for det meste med utgangspunkt i ulike enkeltskjebnar; 19 års vilkårleg fengsel utan dom i Guinea, marokkansk kvinneleg journalist sin kamp ved avsløringar av hemmelege graver for opposisjonelle, historia til ein Guantanamo-fange, gripande innlegg om ein 15-åring som blei henretta i Irak, papirlaus asylsøkjar i Belgia osv. osv.
Det starta ved halv-elleve tida og heldt på til fem, berre med ei lita matpause. Det var fleire hundre til stades. Utruleg interessant, og tenk at me fekk med oss det aller meste. For heldigvis var alle foredraga trykt opp i ei lita bok, så me kunne fylgje med i den, og då gjekk det i grunnen greitt. Vanskelegast var det då dei to amerikanarane var i ilden, for då var det sjølvsagt ein tolk som prat "oppå" den andre, som eg kallar det. Heilt unødvendige, i og med dei hadde prosjektører med storskjerm, som dei kunne vise teksten på undervegs. Eg trur ikkje det var mange som hadde store lesevanskar i den salen.
Etterpå kunne me leggje inn stemme me òg, medan juryen gjekk i møte. For meg var det ein heilt unødvendig del av det, då alle innlegga var flotte. Men det var vel nokre premia det skulle tevlast om her òg. Alle innlegga ligg inne på heimesida til Memorial, viss du har lyst til å lese litt fransk!
Av ei brosjyre som blei delt ut, ser det ut til at advokatane har mange samlingar rundt omkring i helie verda, blant anna skal dei til Stockholm i mai og leggje fram saker for den europeiske menneskerettsdomstolen.
Men tenk at ungdommane får ein slik sjanse til å få stå fram med eit slikt innhald, i slike former! Det kan jo minne litt om Ungdommens kulturmønstring, som me har heime, med lokale kvalifiseringsrunder, men det har jo likevel ikkje den dimensjonen, og utfordrar heilt andre sider av mennesket. Ikkje særleg norsk, dessverre, med slike stimuli, vågar eg påstå.
Dette var absolutt noko av det flottaste eg har vore med på her. Då blei det rett nok ikkje noko av den grammatikk-økta eg hadde tenkt å ta i dag, men pytt sann. Denne opplevinga festa seg nok atskillig meir enn nokre franske verb kunne gjort i dag. Og dessutan: når me greidde å fylgje med på dette, så må me vel ha kome ganske langt?

http://www.memorial-caen.fr/portail/index.php?lang=EN

lørdag 31. januar 2009

Crize meg her og krise meg der

Ja, den siste veka har det verkeleg storma her i Frankrike. Ikkje nok med at den sørvestlege delen av landet blei råka av eit forrykande uver førre helg; i skogen datt trea som fyrstikkar, vatnet steig og straumen gjekk. Når endeleg straumen tok til å koma tilbake, tok det franske folket beina fatt og var ute og gjekk. I tog. Dei vanlege toga gjekk ikkje, men folket har marsjert og gitt klar melding til le chef de l'Etat, le Président, le petit Nicolas: No er det nok!
Tenk, berre her, i vesle Caen, ein by på storleik med Trondheim og Bergen, var 30000 ute og marsjerte på torsdag! Ikkje rart me høyrde det heilt opp til Universitetet! Jeudi noir, svart torsdag, var erklært som dag for generalstreik. Det var særleg transportsektoren og skulane som aksjonerte, men det blir sagt at streiken hadde støtte frå 2/3 av folket.
Den kjende stuntreportaren, underteiknande, tok beina fatt og fòr ned til byen for å få med seg litt av stemninga. Det var tydeleg at det var Hvermansen som var ute og sa frå. Misnøya er nemleg stor. Det har blitt brukt masse til krisepakkar til bankane, men lite kjem visst andre til gode. Arbeidsløysa stig dramatisk (over 10 %), og det er varsla innskrenkingar i pensjonar og andre sosiale rettar, utan at eg har detaljert oversikt over dette.
Denne veka har me nemleg tatt for oss mellom anna den franske revolusjonen på studiet vårt, så det som har skjedd her no har jo vore som ei fin ramme for vår lille verd.
Fleip til side. Me har jo fått me oss at det har blitt lansert krisepakker heime òg, noko som blant anna skal koma skulane til gode. Det er sjølvsagt bra, men eg kan ikkje dy meg for nokre kommentarar. Det eine fotoet nedanfor er ikkje med for å symbolisere at Frankrike går rett i dass, for det gjer det slettes ikkje. Neida. Det er ikkje anna enn for å slå fast at denne dostandarden ser ut til å vera alment akseptert her til lands. Når eg må eit nødvendig ærend på Universitetet, må eg fyrst gå minst 100 m i ei iskald gang. Vel framme på doen kan eg risikere å se rett på ein eller annan mann som står og gjer sitt ved pissoiret.Viss eg er heldig, er det ledig på handicapdoen rett fram (der er det sete). Viss ikkje må eg gå til høgre, der det er tre doar som ser ut som på biletet. Er eg heldig ein gong til, er det papir på doen (som regel har eg noko på lur i lomma). I vasken er det berre kaldt vatn. Såpedispensaren hadde såpe ei stund utover hausten, og etter jol var det fylt på att. Me får sjå kor lenge det held. Det hender det er papir til å tørke seg med, men som oftast er det ei iskald vifte, som ein ikkje blir tørr av. Då er buksebaken god å ha. Når det er full aktivitet på vårt hus, er det sikkert eit par hundre folk som deler på desse fasilitetane.
Vanlegvis tek eg ikkje med så intime detaljar om livet her, men det er meint som eit lite apropos til debatten om at oppussing av doar stod øvst på lista ndgj. skular heime? Eg er klar over at det er mykje dårleg på det feltet, men likevel - det ligg langt over standarden elles i verda.
På studenthyblane her deler ca. 30 studentar 2 doar (som ser ut som denne), og ein dusj. Det er ikkje noko kjøleskåp, berre eit par kokeplater. Kan hende ikkje så rart at gruppa med studentar som kom frå Agder fekk lettare sjokk, då dei kom hit rett etter jol. Når attpåtil den eine doen slutta å fungere, var det nok ikkje noko særleg.
Men det er utruleg kva ein kan venje seg til, eller kva ein har av "forventningar". Eg har ikkje høyrt nokon klage på dostandard av dei som har uttalt seg om krisa her i Frankrike. Heller ikkje seksbarnsmora som fekk avstengd straumen for eit par veker sida, då kulda var på det hardaste.Trur nok ikkje me nordmenn skal ropa høgast i desse tider, nei.
Eg tillet meg likevel å gle meg over at euroen ser ut til å gå nedover att. Det blir sagt at 8-talet var observert ein dag, og godt er det. Det var litt kjedeleg når euroen stod i 10 kroner...


fredag 23. januar 2009

Halvvegs



Så vidt eg har klart å rekne ut (midt i eksamensinnspurten - av og til må ein koble litt ut), runda me denne veka milepælen halvgått løp. Må innrømme at markeringa av denne store hendinga drukna litt i andre milepælar, som t.d.:
At Obama tok over etter Bush. Ikkje godt å seie kva som var mest gledeleg med det, anten at Bush endeleg er over og ut, eller at Obama no er i posisjon. I skrivande stund ser det kan hende lysare ut i USA. Begivenheten blei feira av Kirsten og meg, som vanleg på store dagar, med kake (med det klingande namnet Paris - Brest, ein bør nok sykle den distansen etterpå, ja) og kaffe foran TV-skjermen. Eller rettare sagt: TV-skjermane. Franske TV-kanaler har jo den uvanen at dei skal dubbe alt folk seier, og ein kan jo venje seg til mykje, men ein stad går grensa: Når Obama skal avleggje eden, vil eg høyre det på amerikansk! Dessutan; når dei spelar Stars and stripes vil eg høyre Stars and stripes og ikkje franske kommentatorar som diskuterer i studio.
Derfor rigga me oss til med NRK nett-TV på data'en og bilete frå fransk TV. Det me ikkje var heilt budde på, var at bileta frå NRK låg nøyaktig 1/2 minutt etter fransk TV! Det gjekk jo i grunnen heilt greitt, heilt til kaffekoppen til Kirsten rett og slett eksploderte!
Andre hendingar: Fekk att fyrste litteraturoppgåva, som me hadde i førre veka. Då snakkar me ikkje stort meir om den. Eg lærte ein ting; her er det ikkje tid til noko i retning av å "kladde" eller prøveformulere litt på språket. Skriv så blekket sprutar i 3 timar, så kan hende det går litt betre!
Det var det eg prøvde på i dag. Då var den store dagen for eksamen i Civilisation et géographie endeleg (?) her! De kan jo tatt ein titt på biletet av oppgåva (skulle svare på alle tri). Eg skreiv i alle fall så blekket spruta i 3 timar og produserte 6 sider på eit slags fransk. Til veka kjem dommen. Armelle skulle jobbe seg gjennom bunka i løpet av helga, stakkars madam.
Etterpå syntest me at me fortente ein pizza på kantina, og skeia ut med to-tre glas vin til (dei var små, altså). Det morosame var at dei gjekk tomme for raudvin!
Så no er det helg att. Vekene går utruleg fort her òg. Det blir nok ikkje tid til å kvile på nokre laurbær denne helga heller. Innan torsdagen skal me ha lese Rhinocéros av Eugène Ionesco ( på fransk, sjølvsagt). Eit drama i 3 akter, fordelt på 246 sider! Dessutan skal me gjennomføre intervju som det skal skrivast 3 sider og leggjast fram for klassa (og Francine) innan neste måndag...
No i kveld (fredag) skal eg sjå ein fransk film på TV: Voltaire et l'affaire Calas. Det passar godt inn i forhold til litteraturpensumet vårt. Så får eg vel heller sjå den brukte DVD'en eg kjøpte i dag om Solkongen Ludvig den 14. i løpet av helga: Le roi danse. Den går rett inn i historiepensumet vårt. I det heile tatt: det blir produsert utruleg mange gode filmar i Frankrike. Kvifor får me ikkje sjå fleire av dei heime i gamle mor Noreg. Me vil ha slutt på amerikansk kulturimperialisme! (Unnskyld Obama. Du skal ikkje få skulda for den biten. Så får du heller ta deg av den andre formen for amerikansk imperialisme. Good luck, det kan du trenge!)
Skal tru om hjernen vår no er halvfull eller halvtom med det som skal/kan inn i løpet av dette året?
Bonne weekend! Ja, dei seier faktisk det. Engelsk språkpåverknad er på full veg inn her òg. Men okkesom: Ha det bra, alle der ute!

søndag 11. januar 2009

Pinnekjøt














er "gøtt", synest dei fleste nordmenn. Før me reiste heim til jol, tok Kirsten, Randi og eg imot ei utfordring frå Marie-Cécile, vår franske venninne; ho ynskte å invitere nokre vener av seg på eit lag ein kveld og då lurte ho på om me kunne tenkje oss å servere noko typisk norsk jolemat. Me blei raskt samde om at det fekk bli pinnekjøt, så med oss i koffertane tilbake hit hadde me både pinnekjøt (salta og røykt), litt vossakorv og 2 stk. kålrot (chou-raves), for det finst nesten ikkje her! Randi har visst såvidt sett det eit par gonger på den lokale marknaden der ho bur, men elles har me ikkje sett det. Me har kikka i opptil fleire butikkar.
Måndagskvelden la me kjøtet i vatn, tysdagskvelden koka me det og onsdag ettermiddag kom Marie-Cécile og henta oss me alt utstyret. Me var ialt 9 til bords og det er berre ein ting å seie om det: kjempesuksess! Dei hadde jo aldri sett noko liknande. Kålrota hadde dei nok ein viss kjennskap til frå "gamle dagar", men fleire meinte at ho var på tur tilbake. Ho gjekk i alle fall ned på høgkant! Jamvel niesa til Marie Cécile, Anne, yngstemann i laget, som berre tok ei teskjei kålrotstappe i fyrste omgang; ho lura seg ut på kjøkenet og tok ein god porsjon ganske så fort.
For ikkje å snakke om akevitten! Særs populær, den òg. Skål er no blitt ein del av vokabularet, i alle fall for desse gjestene, som var utruleg lettvinne og greie, alle som ein. Me forstod opptil fleire ord og dei kytte av oss, og stemninga blei riktig så livat etter kvart.
Me måtte ha to omganger med servering av pinnekjøt med tilbehør, så var det ostar og så var det kake og is:)
Til slutt begynte me å snakke om å opne norsk restaurant i Caen, og alle var veldig begeistra for den idéen, heilt til me begynte å snakke om lutefisken - nei, slikt gjekk ikkje an å eta! Jau då, sa me, så det spørst om ikkje Svein får ei bestilling på det til han skal ned hit i februar...
Okkesom, kvelden var som sagt ein kjempesuksess! Kirsten og eg har avtale med Anne om at me skal bli med henne på dykkarkurs (ho er instruktør), og kven veit, det kan godt hende me kjem tilbake til dei no når me skal i gang med eit av dei store faga våre denne våren: TPE (Travail Personnel Encadré). Då skal me gjera minst 3 ulike oppgåver, som skal vera baserte på intervju med lokalbefolkninga. Den fyrste oppgåva skal gjerast i grupper på 3 og skal ha tema som er henta frå Normandie. Då kan det jo vera aktuelt å bruke somme av desse i den samanheng. Marie-Cécile har alt lova å hjelpe oss, ho er berre utruleg snill og lettvinn å forhalde seg til.
Sjølv om alle åt godt på onsdag, blei det jo ein del restar, så me hadde invitert "gamlekara" på studiet vårt til restelag laurdagskvelden. Men så greidde Kirsten å pådra seg gastro, som dei kallar det her, nemleg magesjuke. Det går som ein farsott her for tida. Derfor hadde me tenkt å avlyse sleskapet, men Rolf hadde ikkje fått meldinga, så då stelte eg til pinnkjøtlag for oss to då han dukka opp, så det var riktig så triveleg.
Elles har me hatt ei kulturveke av dei store; sist sundag var det filmen "Australia", torsdag havna med på ein ny Cheguevarafilm, del 1: Che L'Argentin (spansk tale og fransk teksting - gjekk noko i surr). Francine hadde nemleg fått gasto, så me fekk fri ettermiddagsøkta, og havna på sal i byen i staden. Og så kino. Som om ikkje det var nok, blei det jammen kino på fredagskvelden òg. Torsdagen hadde me nemleg hatt ei lengre forelesning i litteratur om Marguerit Duras, og når ein av dei romanane Marie-Laure tok grundig for seg (pensum) var akkurat Un barrage contre le Pacifique (Ei demning mot Stillehavet), som går på kino i Caen for tida, så berre måtte me sjå han.
Men no er det mange prøver og eksamenar i vekene som kjem, så eg lovar ikkje stort når det gjeld oppdatering av bloggen.
Forresten: det har vore gratis bussar og trikkar her dei siste tri dagane pga. SAL i butikkane! ikkje verst. Skal tru om det hadde gått an heime. Og så her som billettane ikkje kostar meir enn 1€ likevel, med overgang i inntil 1 time! Men huff, den euroen vil eg helst gløyme no; over ti kroner var han like etter nyttår. Æsj.

Vinter i Caen




Denne veka har vore skikkeleg kald i Caen, ned mot 9 kuldegrader om natta og såvidt opp mot null om dagen. Men me har ikkje hatt sno! De har kan hende sett nyhetsinnslag heime med kaos i Paris og Marseille t.d.. Både motorvegar og skular blei visst stengt mens det stod på som verst. Hybelen min er iskald, teljos hjelper faktisk for å få det litt lunt. Om temperaturen kjem opp i ca. 20 grader i bordhøgde, er det likevel 14 grader på golvet.
I dag hadde det snudd om litt, så i ca. 5 grader og fin sol tok eg ein sykkeltur eit par timar i området - flott.
Sist sundag tok eg berre ein rusletur i Rosariet, den flotte parken like ved, og legg ved nokre bilete av korleis den tok seg ut i ca. minus fem. Endene kjempa ein hard kamp for å halde ein del av dammen sin open, stemorsblomane, som blei planta ut i november, hang med nebbet og i Rosariet var det ikkje mange roser å sjå. Fleire stiar var avstengde med skilt om å vera varsam pga. is!
Den fuktige lufta her gjer at dei kjennest mykje kaldare enn heime. Men jammen kom det ikkje ein joggar i berre stuttbukse! Fredag var eg på joggetur i same området (med langbukse) i solskin; jommen hadde ikkje stemorsblomane friskna til att, endå det har vore fleire minusgrader heile veka!

tirsdag 6. januar 2009

Épiphanie - Helligtrekongersdag, 13. dag jol.

















er i dag, det visste du vel? Får vel innrømme at me ikkje visste så
mykje om det sjølve heller, Kirsten og eg. Var på vår lokale
supermarknad på laurdagen, og la merke til at dei var ei kake som låg så strategisk til; la Galette au trésor (kaka med skatten). Ho såg absolutt god ut, men me stod imot. Trass alt var me ikkje mange dagane over nyttår.
I går hadde me ein skikkeleg sløvedag, før me skulle begynne på'an att i dag. Eit forferdeleg trasig ver ute gjorde det ikkje betre, men me måtte ut og lufte oss. Havna på ein lokal "brun pub", for å sjå om me fekk litt å eta, endte opp med ein klein pizza, men med eit godt glas raudvin til, i lag med ein drøss folk som spela på hestar. Det var travløp i snover på TV, avløyst av galoppløp og travløp (med rytter) og folka heia ivrig.
Etter eit par timar der, måtte me innom den lokale bakaren for å finne noko å døyve den vonde pizzaen med (speilegg oppå, som ikkje var steikt...) og der låg denne kaka att. Me spurde oss for litt og fekk til svar at det var kaka dei brukte for å feire denne dagen, som me nok alle har vore med på å dramatisere på barneskulen eller sundagsskulen, eller kor me no har henta vår barnelærdom; dei tri kongane som kom på barselvisitt. Kaka vert òg kalla la Galette des rois (Kongenes kake), og ganske riktig; då me kjøpte kaka fylgde det med ei gullkrone! Inne i kaka skulle det vera ein skatt/mynt, som eit symbol på gåva til den nyfødde "kongesonen".
Ja, kaka var både god og mektig, så mektig at me orka ikkje ta til med noko meir vettugt etter å ha ete alt for mykje, så då var det berre å sløve vidare. Me såg Un homme et une femme, ein av dei store filmane frå vår ungdom, men måtte ta ein pause etter ein time, for då skulle fyrste episode av Grace Anatomy koma i reprise på ein fransk kanal (sjølvsagt dubba til fransk), den episoden er jo også historisk!
Etter å ha fullført Un homme et une femme var det tid for såpeopera på fransk TV3. Berre for å ha sagt det; det var reint faglege vurderingar som gjorde at me såg den! Eksamensoppgåva vår før jol handla nemleg om den serien, så det var rein kvalitetssikring som gjorde at me tok for oss den. Tenk at eg skulle få dra nytte av alle mine episodar med hotell Cæsar når eg skulle skrive om ein norsk såpeopera - på fransk! I det heile tatt, det er ikkje mykje som er bortkasta her i verda, heller ikkje ein sløvedag!
Så gjekk turen til Mali, eit av dei frankophone områda i verda me har som pensum til geografi- og samfunnsfageksamen 23. januar, også det på fransk. TV-kvelden blei avrunda med Berlinerpoplane via internett.
Resten av kaka tok me med oss på skulen i dag, og delte opp i (nesten) mange nok bitar. Læarar Marie-Laure blei riktig så ivrig til å fortelje om skikkane rundt denne "festen" at ho begynte å snakke om fastetid og påske og det som var framigjennom, ja ho gløymte reint bort at me eigentleg skulle ha grammatikk, og det var det sjølvsagt ingen som hadde noko i mot!
Kaka minner forresten ganske mykje om vår fyrstekake, med mandel- og eggekremfyll. Fyrste på fransk heiter jo prince, og "kongesonen" er jo ein prins... Skal tru om fyrstekaka eigentleg er ein norsk variant av denne franske, og at den opprinneleg har blitt bruka i samband med heilagtrikongersdag (stod ikkje i nynorskordboka)?
Det var Karis som fann skatten! Då fekk ho vera dronning!

lørdag 3. januar 2009

Bonne année - Godt Nytt År!

Kirsten et moi, nous sommes retourné à Caen. Me kom att natt til i dag, nærare bestemt kl 01.00. Temperaturen var då minus 1,4 ute og pluss 6,4 inne. Etter å ha hatt på straumen på full guffe i ca. 18 timar er han no komen opp i 20,6, då med god hjelp av teljos og kubbeljos.
Dagen i dag har blitt ein sløvedag. Ein blir noko utslått av å vera på reise 15 - 16 timar, særleg med tanke på at nyårsfeiringa fortsatt sat i kroppen.
Men i morgo, då får me brette opp erma og setje i gang å rydde i dei notatane og kva det no er, som har ligge urørt dei siste par månadane før jol. Då var all merksemd retta inn mot eksamen i Francais pratique, med både munnleg og skriftleg test, samt lytteforståing. Utruleg nok kom me i mål på det òg.
Verre blir det nok 23. januar. Då er det eksamen i geografi og samfunnsfag... Så i morgo får ein i alle fall prøve å finne dei bøkene, og evt. notatar, om ein forstår noko av dei, då. Som de sikkert forstår, er optimismen på topp. I tillegg må me begynne å gjera noko meir med didaktikk-oppgåva, som skal leverast 2. mars. Som om ikkje det er nok, har Kirsten eit lite jubileum 6. mars, som må planleggjast grundig. Kan hende me greier å halde varmen likevel?
I kveld skal me feire at me er tilbake i Caen: Reker, krabber, baguette og kvitvin står på menyen, med fransk film attåt.

Joyeux Noël - God Jol

Jommen sa eg god jol. Kom heim natt til fredag i lag med "småungane" Elin og Aslak, blei henta av ein snill ektemann på Kongsberg stasjon og var heime i seng kl. fire om natta.
Var på triveleg joleavslutning med gode kollegaer fredag føremiddag og skulle så heime og starte litt joleførbuingar. Men den gong ei. Magen slo seg heilt vrang (starta på flyet heim - truleg ein baguett på flyplassen), og dermed låg eg rett ut fram til joleftan. Resten av familien stod på og ordna jolestemning, med kommentarar om at det i grunnen var lite stress fram til jol i går (skal koma i hug det neste jol). Obelix var godt fornøgd.

Ute var det eit aldeles strålande ver. 1. joledag kom eg meg ut ein liten tur for å forevige nærområdet like før isen la seg på Totak. Neste dag blei det ein ørliten skitur.
Formen tok seg opp litt etter litt. Det er nok fyrste gong eg har opplevd å gå ned i vekt i joli, men det varte heller ikkje så lenge.