søndag 12. oktober 2008

Ny veke - nye sjansar

Vel flyg tida heime, men om mogleg, så flyg ho endå meir her.
I veka som var hadde me innleveringsoppgåve i fonologi, som me fekk att på torsdag, med masse kyt. Det var jo bra, med tanke på at me har eksamen om ei veke, grøss og gru.
Denne helga har Kirsten og eg jobba ein del me ei oppgåve til tysdag: I geografi skal me leggje fram immigrasjonshistoria i Frankrike dei siste par hundre åra - det er ikkje småtteri, skal eg seie dikkøn. Våre mottak av flyktningar og andre innvandrarar er ikkje rare greiene i forhold!
På tysdag skal eg også leggje fram ein avisartikkel i Francais pratique, men den får eg finne i morgo. Dette er ei fast oppgåve kvar veke, som er utruleg bra. Sist veke la eg fram ein artikkel om eit framlegg til nytt EU-direktiv: Svangerskapspermisjon skal utvidast til 18 veker(!) i 2011! (Då snakkar eg om for kvinner, ikkje pappapermisjon, som jo nærmar seg det same heime no). Dette forslaget har fått den tyske regjering og arbeidsgivarar der til å skjelve såpass at dei har søkt om dispensasjon alt! Ja, eg tillot meg å vifte litt med peikefingeren for dei unge jentene på gruppa mi; slik kan det gå om Noreg kjem inn i EU. Me er jo så flinke til å fylgje opp alle direktiv. Dei såg lamslåtte ut!
Veka før tok eg for meg ein artikkel om at det var vanskeleg å få legar til å jobbe i distrikta... Høyrt slikt!
Innimellom er det god, gamaldags grammatikkundervisning - litt pugg må ein vel òg gjennom. Sist veke kom eg meg også på trening for fyrste gong (sleit med influensa veka før): musculation. Høyrest ut som body-building (godt norsk/fransk). Har derfor hatt visse problem med å setje meg/reise meg dei siste par dagane, pga. mange knebøy. Denne veka skal eg også starte på Energym. Det er vel noko liknande av Friskis og Svettis, tenkjer eg.
Derfor var det godt med ein sykkeltur i dag i det utruleg flotte veret me har hatt denne veka. I 23 grader og med knallblå himmel sykla Kirsten og eg ut i dag. Måtte lufte hjernen litt fra all immigrasjonen. Kom gjennom eit par stille landsbyer, var innom ei fin kyrkje, og kikka etter ein kafe med litt fristelsar, men det fann me ikkje. Det er vel ei meining med alt her i livet.
Kirsten har hatt besøk av eit par kollegaer/venninner på haustferie, og det var no triveleg for meg òg. Om to veker til har me haustferie her, så då skal det bli godt å koma heim:)
Ha ei god veke, du med!

Ingen kommentarer: