onsdag 22. oktober 2008

Normandie = Gourmandie

For ei veke sida var me på nok ein ekskursjon. Denne gongen gjekk turen til Pays d'Auge, eit yndig lite dalføre om lag 1 time herifrå. Meir kupert, dvs. fine beiteområde for den lokale kurasen: La race normande. Her kunne me òg sjå restar av dei gamle bocagères, som er den gamle formen for inndeling av jorder. Dette er nesten borte no, etter at landbruket gjekk gjennom store endringar på 50 og 60-talet, men til dels gjenskapt via les neo bocages.
Men me skulle ikkje berre sjå på desse flotte kyrne, me skulle også få smake på opptil fleire av dei produkta normannerane (heiter det det?) er så stolte av: ost, cider og calvados, pluss litt anna. Innimellom beiteområda veks det nemleg utallige epletre, somme med greiner som går langt ned på stammen og somme med greiner høgt oppe (kjem ikkje på kva dei heiter no).
Me fekk lange foredrag om det eine og det andre rundt dette på bussen bortover, i tillegg til at det stadig er tema i undervisninga vår, samt at me hadde diverse omvisningar i løpet av denne dagen. Fyrste stopp var på La fromagerie Grain d'orge i Livarot der dei produserer ost med samme namn. Det er gjerne slik at byen gir namn til osten. Me vandra rundt og såg korleis produksjonen gjekk føre seg (gjennom glasvindu eller på film), og det kan ein i alle fall stadfeste: Osten er bokstaveleg talt i dei beste hender. Sjølv om det var mykje maskiner og store kar, så blei kvar ost fleire gonger handsama (for hand) av dyktige fagfolk. Mjølka frå denne kurasen er spesielt proteinrik, men det er ikkje så mange liter dei gir frå seg per dag. Då blir det jo verdifull vare!
Etterpå fekk me smaksprøver:):) Det er no berre ein ting å seie om det: anten likar du det eller så gjer du det ikkje. Eg likar alt. Mykje smak. Etterpå fekk me høve til å kjøpe med oss ostar, og dei skal eg ha med meg heim i morgo! Det har vore ein lifleg duft på hybelen min denne veka. Det er ulike variantar av desse ostane, men det er jo særleg dei som er laga av lait cru (upasterieurisert mjølk) som er gode, men då er jo prosessen fortsatt i gang. Også her prøver myndighetane å få gjennomført EU-direktiv som ikkje godtek slik mjølk, men dette blir kjempa hardt i mot her! (Eg minnest med lengsel knaosten og smøret frå Møsstrond, som blei forbode for ca 10 år sidan heime, men det er jo den gamle historia om at nordmenn er meir katolske enn paven, når det gjeld å fylgje opp EU-direktiv...)
Etterpå køyrde me gjennom idylliske små landsbyar, der gatene er så trange at det er så vidt bussen kjem fram, og dei tradisjonelle bindingsverkhusa (maison à colombage) står tett i tett. Sjølv om det no var midt i oktober, var det fargerike blomar over alt. Dersom de er på desse trakter, så ta for all del av frå motorvegane og opplev slikt som dette!
Etter ein betre 3-rettars lunsj gjekk turen vidare. No var det epleprodukta som skulle smakast på. Epleterte hadde me alt hatt til dessert; no var turen kome til drikkevarene - oh la,la.
Fyrste stopp var hos ein eplebonde som dreiv smått (noja, alt er jo relativt - trur nok dei eplebøndene me kjenner i Hardanger ville synest dette var stort nok!), men stoltheten og engasjementet var det ikkje noko å seie på. Det er høgsesong for epleplukking no. Vel, plukking og plukking. Det som likevel skal bli til alkohol bli ganske røft plukka/rista ned frå trea og samla opp via store spesialmasskiner på traktorane, som køyrer mellom trea og soper med eg det som måtte vera der.
Innomhus var det store tankar for dei ulike produkta; alt frå vanleg eplejuice til cidre av ulik styrke og søtningsgrad (heng jo saman), til dei to verkelege spesialprodukta, som berre dei her i området kan lage - i alle fall med dei namna: pommeau, un apéritif produit en Normandie. Det som eg har trudd var ein heitvin av eple heilt til denne dag, men så feil kan ein ta: Den er ein blanding av 3 delar cider og 1 del av calvados, eller calva, som dei seier her, brennevin som blir lagra på eiketønner i minst 3 år og gjerne lenger, og blir som anna brunt brennevin dyrare for kvart år som går. Også her var det smaksprøver og sal av lokale produkt etterpå. Ja, då sat jo euro'en laust (det var før han tok til å stige så sinnsykt - er oppe i over 9 kroner no, æsj). I tillegg til desse ulike drikkevarane, laga dei òg gele med ulike smakar og jamvel sennep med cider!
Så bar det vidare til neste stasjon, og no forlanga bussjåføren at ostane skulle leggjast under bussen... No kom me bokstaveleg talt til ein spritfabrikk! Kor mange liter sprit som blei produsert her, må eg berre innrømme at eg ikkje fekk heilt tak i, for på dette stadiet tok eg til å dette av litt av naturlege årsaker... Men det var ikke lite; hundrevis av tønner stod lagra i digre haller, medan fleire tonn eple låg ute. Dei låg rett på asfalten utan noko tak over - hadde det gått an i Noreg? Utruleg kva dei kan få til i EU.
Også her var det smaksprøver før bussen vendte heimover - det blei ein roleg busstur, før me var tilbake att på Campus I halv sju om kvelden. Nok ein fin og interessant ekskursjon med ein entusiastisk Francine. Denne dagen var forresten også Bergens- og Oslotudentane med på turen. Dei som tek fransk på universiteta i Noreg, har opphald her på ca. 6 veker. Tenk så heldige me er, som får heile året - forstår ikkje at ikkje fleire tek fransk på dette viset!

Ingen kommentarer: