fredag 10. oktober 2008

Le prix de la liberté

Sist fredag var me på ekskursjon til Plages du débarquement - strendene i Normandie, som i ettertid er kjent for D-dagen, eller
"Jour J
", som franskmenn seier. 6. juni 1944 er blitt ein merkedag i historia, og når ein ser alle dei minnesmerka som finst her i området, kan ikkje den dagen bli gløymt, i alle fall ikkje på lang, lang tid.
D-dagen var starten på dei allierte sitt inntog i Frankrike , ein marsj som i fyrste omgang skulle vare fram til 28. august (trur eg), då Paris blei gjenerobra. Ein marsj som skulle koma til å koste nærmare ein halv million menneske livet! Derfor overskriften på dette innlegget: La prix de la liberté - frihetens pris.
Dagen vår starta i eit forrykande uver, truleg ikkje ulikt det veret som møtte dei 156205 soldatane som utgjorde landgangsstyrken den fyrste dagen. 10000 trakk sitt siste sukk denne dagen. Ufattelege tal. Berre i Caen skal det visstnok vera 3000 som mista livet.

På den amerikanske kyrkjegarden var det ei gruppe "godt vaksne" amerikanarar, som stod ved ei grav, der dei hadde sett ned eit lite, amerikansk flagg. Det var grava til Theodore Roosevelt jr. som hadde tatt del i landgangen. Han døydde av hjarteattakk 6 veker etterpå. Grava på den eine sida av han, var for bror hans, som mista livet under 1. verdkrig. Grava på den andre sida, bar forresten det norskklingande namnet Husted...

På den tyske kyrkjegarden var det ved somme graver friske blomar. Berre på dei få eg kikka litt på, kom det fram at mange av soldatane berre var 17 - 18 år gamle...

Eg går ut frå at dei fleste som les bloggen min, har ein viss kjennskap til denne delen av historia, og skal ikkje ta for meg noko stort foredrag om det her og no, men berre gje utdrag av dei inntrykk som møtte oss denne dagen. Har lagt til ein del bilete nedanfor, med små tekstar, som truleg talar for seg sjølve. Men dersom nokon skulle ha lyst til å lese seg opp litt, er det ein del bra info på denne linken: http://www.fofo.no/filestore/ff_05-04_s27-37.pdf

Me starta dagen på Pegasus Bridge, like utanfor Caen, der det er både museum og minnesmerke over det som hendte her. Engelske fallskjermjegarar kom hit med glidefly, som landa like ved brua. Eit hus like på andre sida av brua blei gjenerobra, og er fylgjeleg blitt til eit museum.

Det blei ein lang dags ferd vidare - me var langt frå åleine på denne ferda. Ein kan vel seie det slik at eg var blant dei yngste..., men det får no så vera. Mange nasjonalitetar og fulle hus på alle musea. Dersom du ser på bileta nedanfor, kan du fylgje reiseruta vår. Me var tilbake i Caen ved sekstida om ettermiddagen. Eg vil absolutt oppmode alle til å få med seg dette på ei Frankrike-tur.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Dette må vera sterke opplevingar, var far din i dette området etter krigen?

Jorunn sa...

Nei, ikkje så vidt eg veit.