lørdag 30. august 2008

Var i Paris i dag











ca. 1 time. Var ganske nær Eiffeltårnet og køyrde forbi George Pompideou-senteret, ja ikkje eg då, men drosjesjåføren som frakta meg og mine 50 kg overvekt frå Gare Montparnasse, over Seinen og til Gare St. Lazare. Ikkje noko tid til ein kaffekopp på ein fortausresteurant i det nydelege sommarveret i dag, nei.
Togturen var ei oppleving for seg. Utruleg mykje folk. Ca. halvparten hadde plassbillettar (eg var ikkje blant dei), og då var det reine lottospelet om ein hadde sett seg på ein plass som var reservert, for det kunne ein jo ikkje sjå. Oh la, la, eg trakk eit lettelsens sukk då toget tok til å gå, for då hadde eg berre måttet flytte meg ein gong, i motsetning til ein del andre. Toget var jo stappfullt. He, he, ein snill eldre herre insisterte på å hjelpe meg med å leggje ryggsekken min på øvste hylle i eit baggasjeskap, men han søkk i hop då han skulle lyfte sekken på ca. 25 kg. opp dit. Det samme gjorde begge drosjesjåførane eg hadde i dag -trur eg snart får invitasjon til TVprogram om Frankrikes sterkaste dame. Då visste ikkje dei at eg hadde gått i over ein halvtimen med all denne bagasjen i 30 grader solsteik for å koma til fyrste togstasjon.
Derfor er det godt å vera framme på "studioet" mitt i Caen no i kveld! Ser ut omtrent som venta. Skal aldri ut att med den opp-pakninga att! Etter ein lengre leiteaksjon i nabolaget, fann eg til slutt ein matbutikk og fikk fylt opp litt. Etterpå måtte eg bort og kikke litt på det flotte Memorial museet (invasjonen i Normandie), med bl.a. norsk flagg utanfor, som eg nesten ser frå hybelen. Like ved er det eit utruleg flott "rosarie" med all slags blomar. Tydelegvis ein populær stad for brudepar å bli fotografert, 2 par der berre på den vesle tida eg var der!
No har eg akkurat hatt eit bad og duftar heldigvis litt betre enn før. Kosar meg med eit lite glass vin og ser på Fort Boyard, same konsept som då serien gjekk i Noreg for ca. ti år sidan(?). Same dvergen, tigrane, kakkerlakkane, markane og diverse utfordringar som den gongen. Er meir usikker på om den vise mannen i tårnet er den same.

Ingen kommentarer: