onsdag 27. august 2008

I dag kom sola!

Etter å ha hatt gråver til no, dukka sola fram under dejeuner i dag. 24 grader no i ettermiddag kjennest godt etter ein beinhard skuledag som varer frå 8.30 - 16.00. Eit kvarters pause frå 10.30 og ein times lunsj frå 12.45.
Tre ulike , men dyktige lærarar snakkar som mitraljøser og bombarderer oss med alt som finst av synonymar rundt alle dei tema som er oppe. Men, trass dette bombardement av franske talemåtar, (trur eg) det går betre for kvar dag. I dag var det faktisk noko eg forstod som ikkje dei andre forstod!
Siste leksjonen, som brukar vera diskusjonstime, var i dag nærmast som ei forelesning om Paris 1968 og diverse rundt det. Det var absolutt interessant og er nok eit heitt tema her i år pga 40 årsjub. Læraren hadde med seg fleire bøker om temaet og diverse lesestoff til oss. Eg kunne jo nikke attkjennande til det ho fortalde og hadde nokre små kommentarar undervegs. Etterpå kom straffa; i morgo skal eg fortelje om 1968 i Noreg og tida som fylgde! På fransk! Oops!
Etterpå måtte eg lufte meg i den fine slottsparken her (jogga litt + styrkeøv. i parken ved skulen). Middag om ein augneblink. Skal tru om direktøren for skulen dukkar opp ved mitt bord då og, slik han har gjort ved lunsjen dei to siste dagane.... Kjekk kar, liknar litt på Jean Claude Killy... No ja, eg var ikkje åleine ved det bordet.
Etterpå blir det å gå 40 år tilbake i tid!
Bon soir!

1 kommentar:

Elin sa...

Hehe:) Morsomme innlegg! Høss gjekk foredraget om Noreg anno 1968?;)