I dag hadde eg ei "nær-døden-oppleving" i dei to fyrste øktene, dvs. eg heldt på å drukne fullstendig. Ei lita unnskyldning er at eg ikkje har sove så alt for godt her nede, men...
Etter lunsj gjekk det betre, for då var det meir om 1968. Trur faktisk min del gjekk ganske bra, engasjementet var stort og spørsmåla mange både frå lærar og medelevar. Starta med å vise eit bilete av meg frå 1968, som eg tilfeldigvis hadde inne på maskina mi; minikjole i crimpelinstoff! Etterpå brukte eg eit bilete frå ein 1.mai demonstrasjon i Oslo det året som utgangspunkt for resten. Paroler som: Norge ut av NATO (l'OTAN), Støtte til Black Power i USA, USA (les Etats Units) ut av Vietnam, Fri Abort. Så utdjupa eg litt om desse temaene ut frå Noreg sin situasjon. Visste de at det berre var ca. 200 innvandrarar frå Afrika og 400 frå Asia i Noreg på denne tida?
Eg snakka om "kald krig" og Noregs utsette posisjon (trudde ein i alle fall) mellom supermaktane. Og så til slutt litt om kvinnekampen som slo ut i full blomst (bl.a. takka vere min ikkje ubetydelege innsats, om eg så skal seie det sjølv), fram til lova om sjølvbestemt abort kom på slutten av sytti-talet.
Som eit apropos til omgangsformer i Frankrike (og mine medelevers heimland Tyskland og Spania) når det gjeld høflighet, kjønnspesifikke yrkestitlar mm, avrunda eg det heile med å dra ein parallell til at det var i kjølvatnet av 1968 at tiltaleformer som Herr/Fru/frøken og De nærmast forsvann i Noreg. Det same med lærarinner og sjukepleiersker med fleire. Forferdelsen (god nynorsk) ville inga ende ta då eg fortalde at frå midten av -90-åra blei alle på fornamn med kvarandre i Noreg! At elevane er på fornamn med meg, og eg med sjefen og gjerne statsministeren med (jfr. media) var verkeleg sjokkerande.
Men eg trur dei lika det og, så læraren avrunda med å seie at i Frankrike vert skandinavar sett på som litt "avant-garde" med den litt meir avslappa haldningen me har til ein del. Men dei undra seg fælt på korleis respekten kunne oppretthaldast i eit slikt samfunn. Den ballen tok eg ikkje meir opp i denne samanheng. "Hvor er det forresten blitt av alle anorakkene?"
Ein dag att på kurset.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar