skritt står det på skritt-teljaren min i dag, men det var berre med høgrebeinet. I tillegg gløymte eg å ta han på meg då eg skulle ut og treffe eit par av dei damene eg skal gå i lag med, i ettermiddag. Då gløymte bussjåføren å seie frå på rett busstopp, så eg trur ikkje eg overdriv om eg seier ca. 30000 skritt - på kvart bein! Har nok vandra rundt omkring i 4 - 5 timar totalt i dag.
Gjekk ut i føremiddag i 20 grader, lett overskya og god bris; flott vandrevær. Det var jo bra, for eg hadde bange anelser etter at eg blei vekt kl. 7 i dag tidleg av eit brakande torever og regn. Prosjektet mitt gjekk ut på å finne det bygget eg skal halde til på frå og med i morgo, men det var lettare sagt enn gjort. Men ein gamal o-løpar gir seg ikkje så lett. Hadde berre eit dårleg kart og husa var dårleg merka, men eg var nok like ved, så eg trur det skal gå greitt i morgo. Gjekk fyrst ned til ei stor borg midt i byen og tok deretter peiling på universitet. På heimvegen sikta eg meg inn på det som eg trur blir beste vegval til/frå heim -skule. Då vil det ta ein snau halvtime å gå, men eg vil prøve å få meg ein sykkel etter kvart.
Var så vidt innom det gedigne Memorial-museet 4 min frå der eg bur på heimvegen, for å få eit lite inntrykk av det. Det er jo primært eit fellesmuseum dei allierte har bygd kring historia rundt landgangen i Normandie i -44, men no er det også ei stor utstilling: "Ou etiez-vous le 11 septembre 2001 a 14H46?" (de får årsake at eg ikkje har fått lagt inn alle aksenter o.l. enno).
Altså; ein fransk vri på spørsmålet om kor var du då Brå brakk staven, som vel den intelligente lesar alt har forstått.
I dag nøyde eg meg med å ta ei eplekake + espresso på kafeen der (fortent etter marsjen) og kjøpte ei bok om vikingane i Normandie (på fransk). Det var siste eksemplaret, så den berre måtte eg ha. Og så kjøpte eg eit kart.
I mellomtida hadde eg fått melding frå Randi og Kirsten, som ville at me skulle treffast i kveld. Kjempetrivelege damer på ca. 60 og 50 år. Wenche, som akkurat har runda 50, psyka ut i kveld og heldt seg på hotellrommet, men eg reknar med at ho kjem sterkare tilbake seinare. Me fann tonen særs godt, så skuldrane sank nokre hakk etter det møtet. Virka ikkje som dei var superspreke i fransk dei heller.
Så då er eg klar for fyrste skuledagen! Lurar på om eg skal ta på meg det rosa foldeskjørtet, eller...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Hei mamma:) Höss gjekk fyrste skuledag? Blei det rosa skjört og slöyfe i håret?;) Gla i deg:)
Eg hadde rosa skjørt på første skuledag på medisin. Det var stor suksess. Noko follk framleis nevner etter fire år (!). Superkjake:)
He, he. Eigentleg så har eg ikkje rosa skjørt, men det gjekk bra likevel, så det blei med tanken.
Går bra så langt. Skal prøve å oppdatere bloggen i morgo.
Legg inn en kommentar