tirsdag 26. august 2008

Små gleder

er viktige! Som til dømes at eg no har greidd å få kobla lap topen min (dvs. Åmot skule sin) til nettet her, og dermed kan skrive i vei nesten utan å tenkje!
Ei anna glede var at eg faktisk syntest det gjekk lettare å fylgje med her i dag! Kan ha ein viss samanheng med at eg hadde lese gjennom dagens leksjon i går kveld og var meir klar over arbeidsmåtene eg skulle møte i dag.
Så var eg innom eit apotek på min 2 timer lange vandretur i ettermiddag, og ekspeditrisa forstod kva eg ville ha og me hadde ei lita samtale!
Me no må eg gjera lekser og førebu meg til i morgo! Ikkje noko latmannsliv, dette her.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Stå på Mamma!

Klem Jostein

Jorunn sa...

Takk for det, guten min! Og det same til deg og! Mammakos.

Elin sa...

Du æ sø tøff mamma;) Men plask i veg sø du ikkje druknar, det kan berre bli betre;)
(og no må eg få kommentere: høffer æ d bildet av mann i rullestol der på den ordbekreftelsen...? Ein mann i rullestol treng jo kje vere tilbakeståande o.l., for d æ vel d d æ ein test for:p) (d hender dog at eg ikkje slepper forbi:p)

Jorunn sa...

Hææ? Kva for ein mann i rullestol? Æ det noko eg har gått glipp av?