Så vidt eg har klart å rekne ut (midt i eksamensinnspurten - av og til må ein koble litt ut), runda me denne veka milepælen halvgått løp. Må innrømme at markeringa av denne store hendinga drukna litt i andre milepælar, som t.d.:
At Obama tok over etter Bush. Ikkje godt å seie kva som var mest gledeleg med det, anten at Bush endeleg er over og ut, eller at Obama no er i posisjon. I skrivande stund ser det kan hende lysare ut i USA. Begivenheten blei feira av Kirsten og meg, som vanleg på store dagar, med kake (med det klingande namnet Paris - Brest, ein bør nok sykle den distansen etterpå, ja) og kaffe foran TV-skjermen. Eller rettare sagt: TV-skjermane. Franske TV-kanaler har jo den uvanen at dei skal dubbe alt folk seier, og ein kan jo venje seg til mykje, men ein stad går grensa: Når Obama skal avleggje eden, vil eg høyre det på amerikansk! Dessutan; når dei spelar Stars and stripes vil eg høyre Stars and stripes og ikkje franske kommentatorar som diskuterer i studio.
Derfor rigga me oss til med NRK nett-TV på data'en og bilete frå fransk TV. Det me ikkje var heilt budde på, var at bileta frå NRK låg nøyaktig 1/2 minutt etter fransk TV! Det gjekk jo i grunnen heilt greitt, heilt til kaffekoppen til Kirsten rett og slett eksploderte!
Andre hendingar: Fekk att fyrste litteraturoppgåva, som me hadde i førre veka. Då snakkar me ikkje stort meir om den. Eg lærte ein ting; her er det ikkje tid til noko i retning av å "kladde" eller prøveformulere litt på språket. Skriv så blekket sprutar i 3 timar, så kan hende det går litt betre!
Det var det eg prøvde på i dag. Då var den store dagen for eksamen i Civilisation et géographie endeleg (?) her! De kan jo tatt ein titt på biletet av oppgåva (skulle svare på alle tri). Eg skreiv i alle fall så blekket spruta i 3 timar og produserte 6 sider på eit slags fransk. Til veka kjem dommen. Armelle skulle jobbe seg gjennom bunka i løpet av helga, stakkars madam.
Etterpå syntest me at me fortente ein pizza på kantina, og skeia ut med to-tre glas vin til (dei var små, altså). Det morosame var at dei gjekk tomme for raudvin!
Så no er det helg att. Vekene går utruleg fort her òg. Det blir nok ikkje tid til å kvile på nokre laurbær denne helga heller. Innan torsdagen skal me ha lese Rhinocéros av Eugène Ionesco ( på fransk, sjølvsagt). Eit drama i 3 akter, fordelt på 246 sider! Dessutan skal me gjennomføre intervju som det skal skrivast 3 sider og leggjast fram for klassa (og Francine) innan neste måndag...
No i kveld (fredag) skal eg sjå ein fransk film på TV: Voltaire et l'affaire Calas. Det passar godt inn i forhold til litteraturpensumet vårt. Så får eg vel heller sjå den brukte DVD'en eg kjøpte i dag om Solkongen Ludvig den 14. i løpet av helga: Le roi danse. Den går rett inn i historiepensumet vårt. I det heile tatt: det blir produsert utruleg mange gode filmar i Frankrike. Kvifor får me ikkje sjå fleire av dei heime i gamle mor Noreg. Me vil ha slutt på amerikansk kulturimperialisme! (Unnskyld Obama. Du skal ikkje få skulda for den biten. Så får du heller ta deg av den andre formen for amerikansk imperialisme. Good luck, det kan du trenge!)
Skal tru om hjernen vår no er halvfull eller halvtom med det som skal/kan inn i løpet av dette året?
Bonne weekend! Ja, dei seier faktisk det. Engelsk språkpåverknad er på full veg inn her òg. Men okkesom: Ha det bra, alle der ute!
4 kommentarer:
heihei:)
Eksploderte kaffekoppen? Fortell! hehe:p Godt jobba, halvvegs ja, tenk- d æ eg au om mindre enn eit par mnd!:D Stor klem
Skjedde ikkje anna enn at det kom varm kaffe opp i koppen. Bra kaffekoppane her ikkje er så store, for ho fekk jo det meste i fanget. Men det gjekk bra.
Halvegs er viktige milepæler - særleg ved så lange løp som ditt:) Klem tilbake!
stå på!
halvegs,tida har godt fort, men jammen hr du mykje å gjera.
Legg inn en kommentar