søndag 21. september 2008

4 veker.

- I dag har eg vore i Frankrike i 4 veker, sa eg til Kirsten, då me oppsummerte meininga med livet medan me venta på crepe'en (pannekaka) i Rosariet, der me hadde sundagsturen vår i dag. Denne flotte parken ligg berre 5 min unna der me bur, og er tydelegvis eit stor utferdsmål for lokalbefolkninga. Klar overvekt av småbarnsfamilar og pensjonister. Og oss. Rosene er på hell no, konstaterte me... (Inga samanheng med våre liv, om nokon skulle tru det).
Me hadde rett og slett ikkje tid til lengre utflukt enn som så idag. Kirsten har no berre seg sjølv å takke, ho som har skeia ut med eit par dagar i Paris med gamle (låke?) vener. I går kveld hadde me ein heilaften og feira bursdagen til Randi. At me ramla bort i eit fylgje på ørten svenske nubbar (gubbar), då me eigentleg skulle ta bussen heim, kunne jo ikkje me noko for. Dei syntest det var veldig triveleg (jättekul) å treffe oss og då kunne jo ikkje me ta den gleda frå dei. Så då blei det drosje heim att nokre timar seinare. Ja,ja, ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv - særleg i lag med andre:)
Elles går dagane med til å lese, frå tidleg om morgonen til seint om kvelden. I dag har eg lese geografi frå eg stod opp til Kirsten kom på middagsbesøk for å smake på andoille (ei slags medisterpylse, som liknar litt på jolepylsa mi, men ikkje på langt nær såååå god, om eg så skal seie det sjølv).
Geografi (altså om korleis Frankrike i si tid blei slik det no ein gong er no, med alt det som finst av natur), er truleg tungt nok å lese på norsk - kva då med fransk? Dersom nokon hadde tatt ein test på lesehastighet, hadde eg blitt tildelt støttetimar døgnet rundt resten av tida mi her!
Apropos mine 4 veker til no i Frankrike. Cet a dire (dvs) at eg har gjort unna 1/10 av tida mi her. Har eg lært 1/10 av det eg skal lære i løpet av dette året? - Dette går no kjølig bra, det, seier Kirsten, alltid optimist. Du veit, når me berre lærer oss litt fleire ord, så skal nok det gå kjølig bra, held ho fram. Den som liver, fær sjå, seier no eg.
Ei ny veke står for døra. sist veke var eit pes, som vanleg. Ein dag hadde me ei 3-timars økt med bl.a. å sjå på nyhetane på TV5Monde. Det var sjølvsagt akkurat den dagen børsane stupte over heile verda. Eg hadde sikkert hatt problem nok med å fylgje tilsvarande på gode, gamle Dagsrevyen, og så då på Fransk! Kjære kjøt! Etter ein time var Francine nøgd med kva me hadde fått ut av det. Så var det rett over på eit innslag om Rom-folket (sigøynere), og ein konferanse som hadde vore i EU-kommisjonen om dei, uttaler frå Berlusconi osb. Til slutt var det eit innslag frå Väksjö i Sverige, som hadde vunnet ein miljøpris. Sikkert vel og bra, men kvifor kunne me ikkje på det på svensk, i det minste! Så avslutta me det heile med ei vise av Jaques Brèle.
Så her går det unna. I morgo skal eg leggje fram ein avisartikkel frå France Ouest om legeflukt frå landsbygda (kjente toner?). Legane vil visst helst vera anten i sola i syd eller i Paris.
Denne veka kan me visst melde oss på diverse treningsopplegg på Universitetet. Har faktisk vore flink og både jogga og sykla litt i det siste. Så då fær me sjå om ikkje me fær plass til litt meir på vekeplanen. Hej då!

1 kommentar:

Unknown sa...

tida gjeng fort ja. mykje moro å vera med på. Svenske nubbar har du alltid lika godt.