lørdag 6. september 2008

D'accord.

Dette uttrykket er heilt sentralt i all mellommenneskeleg kommunikasjon i Frankrike. Ved å putte inn eit lite d'accord i samtala/informasjon eller kva det no er du blir utsett for, gir du i det minste eit inntrykk av å vera med. Ikkje så dumt med slike små hjelpemiddel, når ein kjenner seg liten i det store utland.
No har eg vore i Caen i ei veke; det kjennest som ein månad, minst. Det beste av alt er at eg har ei heilt anna kjensle av meistring no enn eg hadde etter det intensive språkkurset i førre veke. Ikkje for det, eg trur absolutt eg hadde utbyte av den veka, men den siste veka har gitt meg litt meir håp for framtida.
Fekk jo ein god start sist sundag i lag med Kirsten og Randi. Måndag morgon fann eg greitt fram til rett lokale på O.F.N.E.C., som vår avdeling kallast. Dei andre medstudentane er très sympatique, i alderen 21 - 71 år, 3 karar og 10 kvende, frå det ganske land. For ikkje å snakke om lærarane - dei snakkar jo slik at eg forstår ca. 95 %! Fantastisk! Somme snakkar norsk og, men brukar det minimalt i undervisninga. Denne veka har med hatt fag som "Francais pratique", "Phonologie" og "Grammaire", i tillegg til eit par omvisningar i Caen by; absolutt nyttig. Universitetet ligg 5 min. frå sentrum av byen, der det og er ein gamal borg, ei flott kyrkje og mykje gamal "histoire". Som t.d. nonneklosteret og munkeklosteret som Wilhelm Erobraren (eller Guillaume, som han heiter her) og kjeringi Mathilde måtte byggje for å unngå pavens vrede i si tid. Han lika visst ikkje forholdet deira, kva no han hadde med det å gjera, han som likevel skulle leva i sølibat og ikkje visste kva slikt dreidde seg om.
For ikkje å snakke om alle minnesmerka over 2. verdskrigen. Var innom postkontoret i dag. Der var ein stor vegg full av namn over falne frå Caen under krigen.
Undervisningsopplegget ser ut til å vera til å leve med, som sagt. Me hadde ein test her om dagen, som eg ikkje aner utfallet av. Men me er no delt inn i to grupper ut frå den testen. Kirsten meiner ho havna i gruppa for dei med einskildvedtak! (Internt for skulefolk). Me får sjå på måndag kven av oss som får returbillett heim til gamlelandet på statens rekning.
Det har vore ei travel veke. Hadde det ikkje vore for at pusting er noko som stort sett skjer automatisk, er det ikkje godt å vite korleis det hadde gått. Har trava rundt i timesvis kvar dag og begynner å få ein viss peiling på somme stader, retningar og namn i området. Veret skiftar opptil fleire gonger om dagen. Kan vera surt og mykje vind, men plutseleg skin sola, og då er det godt og varmt, som i dag då Kirsten og eg tok oss ein pause på "Café de Caen" med ein "café longue", som då altså er vanleg svart kaffe utan mjølk og sukker. Då hadde me ei kjensle av det gode liv i Frankrike!
Me har studiedag kvar fredag, dvs. undervisningsfri. Det eg studerte i går, var "jeune pages" (gule sider på fransk internettside), i håp om å finne ein god sykkel. Hadde vore og sett på nokre syklar på eit par kjøpesentre, men var ikkje heilt nøgd. For å koma til eit par aktuelle sykkelbutikkar i går, måtte eg ha intense studier av både kart, buss- og trikkeruter, samt overgangssystem mellom desse. Altså: samfunnskunnskap i praksis. Så måtte eg attpåtil snakke fransk for å finne ut om syklane. Hadde notert meg nokre sykkeluttrykk på førehand. Som t.d. sykkellås = antivol.
Så no står vidunderet i kjellaren her på Résidence Tempologis Sphinx. I morgo har Kirsten og eg tenkt oss på sykkeltur til Ouistreham (ved kysten). Ca. 15 km. i ganske flatt terreng. Det er i alle fall ikkje sykkelen det skal stå på - den triller lett som berre det. Er ikkje heilt i slag i kveld; har litt feber og småforkjøla som konsekvens av det skiftande veret, men ein litt stiv Pastis no i kveld har sikkert god virkning. Betre hostesaft finst ikkje.
Som de sikkert forstår, har eg det veldig bra. I går kveld var Kirsten og eg heim til Randi på andre sida av byen på osteaften. Der var og vertinna hennar, ei fargerik og snakkesalig dame (i "tilpassa" tempo) på ca. 65. Kunstmålar med særs spesiell leiligheit! God mat og god vin gjorde at det kom nokre uttrykk på noko som likna fransk frå oss og.
I Kirsten har eg funne ei god venninne. Utruleg at me berre har kjent kvarandre ei veke, for det kjennest som mykje, mykje lengre. Tilfeldig at me begge hadde gjort avtale om å bu i dette leiligheitskomplekset. Me tek fylgje til/frå skulen kvar dag (ca. 25 min. å gå) og har gjort mykje anna i lag. Ho jobbar i ungdomsskulen på Oppdal, men har ei "fortid" i vaksenopplæring og på sosialkontor frå før. Altså ein ideell støttekontakt for meg. Ho kjem til å fylle 50 i løpet av vinteren, så då er me sikra ein dugeleg fest!
Eg legg ut somme bilete på denne bloggen, men då det tek litt stor plass, blir det ikkje så mange. Dei som vil sjå fleire, må anten inn på facebook eller sjå hos andre som er på denne "fjaseboka".
Ja, ja, det blei no ein litt lang epistel denne gongen. D'accord...

2 kommentarer:

Elin sa...

kjempekosleg at du og Kirsten har funne tonen så godt!:) Ring når du he fått fransk tlf.. Klem

Kristin HV sa...

Ja, Kirsten må vera eit namn med ein viss garanti! Så heldige de er med ein lesedag i veka og at lærarane har lagt opp opplegget etter dykk. Rett og slett pedagogisk! :) Einskildvedtak, du liksom... ;)