onsdag 22. oktober 2008

Examen de phonologie 2008



er over- og bestått! Hurra!
Så har eg altså tatt ein universitetseksamen dette tiåret òg, slik som i syttiåra, åttiåra, nittiåra og no også i "nullåra". Ikkje verst, om eg så skal seie det sjølv! Må nesten finne på noko å ta når me rundar 2010 ???
Eksamen i går blei eit sant kappløp med tida. 3 timar på å gjera litt av alt me har lært i haust, og det er ikkje lite. Det var jo berre bestått/ikkje bestått, men det var jo likevel litt moro å bli kalt inn på kontoret til Francine og få høyre at det var ein flott besvarelse... Kan hende det er håp for resten av året òg? Skal ha ein større grammatikkoppgåve like etter ferien, som startar i morgo! Då skal eg heim og gjera litt av kvart, men grammatikkbøkene blir nok med i kofferten, saman med litt godsaker frå Normandie.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, det er moro at du "seier det sj]lv!";) Men verkeleg., mamma, universitetseksamenar over fire dekader er imponerande og inspirerande! Klart det blir fag etter 2010 og, trur du ikkje Akademiet kan ha f[tt universitetsstatus til d[? ;)

Kjempekjake, gler meg til [ sj[ dikkon!

Kristin

Elin sa...

Hehe, enig mæ kristin ;) Og gratulerer sø mykje mor! Godt jobba ;)

Jorunn sa...

Takk for god støtte, jentur, men eg vil då lenger ut i verda om eg skal ta noko meir! Time will show.