
På veg til skulen i dag møtte eg både traktor og "lauvsugar". Dei samla lauvet i store haugar, før bortkøyring. Morosamt å tenkje på, med ekstremvervarsel heime, og truleg kolonnekøyring over Haukeli osb. Om ikkje dei har store utgifter til snorydding her, så satsar dei desto meir på å pynte opp med blomar. Nyleg skifta dei ut alt av

blomar i store bed i byen, samt slike må "oppheng", som det er fullt av i byen.
Veret skiftar,
crèche (duskregn), den eine dagen (eller rettare sagt timen), og strålande sol den neste. Trur nok det var 15 grader i skuggen i går! Ikkje problem å sitje ute på uterestaurant då:)

Har tatt med ei påminning frå Rauland, då eg var heime, 1. november. Det er jo fint, men...
3 kommentarer:
Er litt forskjell ja:) Alt til si tid. Her i Oslo er det 3 minus og sol, men enno ikkje sno...
her i køben æ d jammen mg sno og gørrkaldt, dårleg sykkelføre! Ja te sno i fjellet, og nei te sno i by :p Gledar mg te JOL!
Men fy søren så kaldt 4 pluss, hard vind og striregn kan vera, slik me hadde tidlegare denne veka!
Legg inn en kommentar